Beste skule i landet er foreslått lagt ned

Det er 11 framlegg om nedlegging i framlegget til skulebruksplan for Hordaland fylkeskommune. Blant dei er Rubbestadneset vidaregåande skule i Bømlo.

Rubbestadneset vidaregåande skule vart i 11 april kåra til beste skulen i ei fersk skuleundersøking som målar kvaliteten på absolutt alle skulane i landet.

Skulen fekk, som einaste skule, karakteren 6.

Utgangspunktet for den nye skulebruksplanen er at fylkeskommunen alt i dag har 2700 fleire skuleplassar enn det er elevar, melder NRK. Det er venta ein vekst på 800 elevar, eller 5 prosent, fram mot 2030. Med dagens struktur vil det likevel vere vel 1900 tomme skuleplassar i 2030.

Den nye skulebruksplanen ser fram til 2030. Fylkesrådmann i Hordaland, Rune Haugsdal, meiner at da må skulen klare seg utan desse undervisningstadane:

  • Austrheim vidaregåande skule, skal leggjast ned i 2020
  • Etne vidaregåande skule, skal leggjast ned i 2017
  • Fitjar vidaregåande skule, skal  leggjast ned i 2022.
  • Rubbestadnes vidaregåande skule, skal leggjast ned i 2022.
  • Bergen maritime, skal leggjast ned i 2020.
  • Hjeltnes vidaregåande, skal leggjast ned i 2017.
  • Studieførebuande program i Laksevåg, skal leggjast ned i 2018.
  • Sotra vidaregåande avdeling Sund, skal leggjast ned. Det skal byggast ein ny skule på Straume/Bildøy  i 2024.
  • Norheimsund vidaregåande og Øystese vidaregåande skule skal leggjast ned. Det skal byggjast ein ny skule i Norheimsund i 2026
  • Tunesvegen skal leggjast ned i 2017. 
  • Garnes vidaregåande og Arna vidaregåande skal leggjast ned. Det skal byggjast ein ny skule i Arna i 2027.