Vil kalle Oslo S Ivar Aasen sentralstasjon

– Å døype eit oljefelt etter Ivar Aasen er ein velmeint og hyggeleg gest, men regjeringa treng ikkje å stoppe der, seier Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom.

– Oljebransjen er kontroversiell, og særleg frå miljøvernshald let det til at omdøypinga av Draupne-feltet blir sett som ei rosemåling av petroleumsindustrien. Det inntrykket kan kanskje bøtast på ved å gje fleire plassar namn etter Ivar Aasen, seier Sture.

Han føreslår Oslo S.

– Ivar Aasen reiste ufatteleg mykje rundt om i landet. Såleis er sentralstasjonen i Oslo, sjølve hjartet i jernbanenettet, ein opplagt kandidat. Ivar Aasen sentralstasjon vil også hindre at Aasen-namnet blir klistra til oljeutvinning åleine, sidan togtransport er ein av dei mest miljøvenlege reisemåtane som finst, argumenterer Sture.

– Det ligg også ein flott symbolikk i at sentralstasjonen i Oslo knyter saman jernbanelinene frå dei ulike delane av landet – ikkje ulikt slik Ivar Aasen knytte dei ulike dialektane saman til eitt skriftspråk, seier Sture.