– Lovleg seint, men godt

– Det er veldig godt å ikkje vere i streik, konstaterer leiar i Utdanningsforbundet Tromsø, Kari-Anne Gimse.

Medlemmer i dette lokallaget var saman med medlemmer i mellom anna Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansund, Bodø og Kristiansand tatt ut i det første streikeuttaket.

– At vi slapp streik og fekk eit så godt resultat gjer dette til ein god dag for Unio i Tromsø, seier Gimse til Utdanning.

– Vegen fram til resultatet var lang og utradisjonell. Korleis har det påverka motivasjonen?

– Motivasjonen for å gå til streik sist veke var svært stor. Men da det drygde måtte vi byggje han opp att. Det er best om dei fristane som blir sette under forhandlingane blir haldne, det vi har vore igjennom slit på beredskapen.

– Fryktar du det kan bli vanskelegare å mobilisere til streik igjen etter denne prosessen?

– Vi må tru at folk gløymer fort. At dei vil hugse det gode resultatet sterkare enn prosessen, seier leiaren i Tromsø.

- Letta

– Vi er letta, slår lokallagsleiar Bjørn Thore Schrøen fast på vegner av heile lokallaget i Kristiansund. Han vedgår at to vakenetter på ei veke og lange dagar på startstreken har vore slitsamt.

– Men ingen har klaga. Eg har ikkje hørt eitt negativt ord. Folk har hatt ei forståing av dette er det viktigaste oppgjeret på fleire tiår, og stilt opp.

– Det blir lett vitsing når lærarar trugar med streik rett før sommarferien. Var de redde for å kome i gong med streiken for seint?

– Nei. Vi hadde streika i både juli og august. Men vi er glad vi slepp. Nå gler vi oss over resultatet, seier han.

– Vi har fått ein betre pensjonsavtale enn privat sektor, og det trenge vi på grunn av dårlegare lønnsutvikling, konstaterer Ingrid Auglænd, hovudtillitsvald og leiar av seksjon vidaregåande i Utdanningsforbundet Vest-Agder.

I Kristiansand var alt klappa og klart for streik i ei veke. Men Auglænd har ikkje fått nokre negative reaksjonar på grunn av den uvanlege og lange forhandlingsperioden.

– Det er klart, det beste hadde vore om vi hadde greidd oss utan statsrådar i forhandlingane, og at ein tidsfrist hadde vore ein tidsfrist. Men når dei kjem fram til eit godt resultat, får dei ta den tida det tar, seier Ingrid Auglænd til Utdanning.

Seier

– Nå står det "En seier for fagbevegelsen" på ein stor flatskjerm på torget i Trondheim, fortel Rune Flatås, leiar for seksjon grunnskole i Utdanningsforbundet Trondheim.

– Sjølv om eg ikkje har hatt tid til å setje meg inn i alle detaljar er eg viss på at vi har vunne ein stor og viktig seier, seier han.

I tillegg til resultatet gler han seg stort over at dei fire hovudorganisasjonane for arbeidstakarane har stått saman, og at dei ikkje har gitt seg.

– Vi har fått reaksjonar på at forhandlarane ikkje har halde seg til tidsfristane. Det er dei som har meint at det mest er utidig å ikkje passe tida når ein har så god tid til å forhandle om så viktige ting. Eg er ikkje utan forståing for slike reaksjonar. Men resultatet er naturlegvis det viktigaste, seier Rune Flatås til Utdanning