1500 i tog i Ålesund
Med frisk bris i fanene mobiliserte Unio meir enn 1500 deltakarar til streikemarkeringa i Ålesund onsdag kveld.
– At vi er så mange, viser alvoret bak kravet om at utdanning skal løne seg, sa streikeleiar Ina Enoksen til dei mange frammøtte i sunnmørsbyen.
Engasjementet og streikeviljen er stor hos Unio sine medlemer på Nordvestlandet. Det viste oppslutninga om streikemarkeringa i Ålesund. Frå heile regionen kom det bussar med folk som ville vise si misnøye med tilbodet frå stat og kommune.
Evy Ann Eriksen frå sentralstyret i Utdanningsforbundet var ein av appellantane under markeringa i Ålesund. Ho fann grunn til å minne om kva Jens Stoltenberg sa for berre eitt år sidan: ”Det er heilt uakseptabelt at leiarane tek ut så høg løn, medan vanlege folk skal vise moderasjon. Det er heilt umogleg at det skal vere slik”, sa Stoltenberg.
– Men det var den gong. I dag seier han nei til at førskolelærarane skal få fire prosent i tillegg, medan leiarane har fått 18 prosent det siste året! Kompetansegruppene skal haldast nede, medan leiarløningane aukar. Dette finn vi oss rett og slett ikkje i, sa Eriksen, og fekk alle 1500 streikande og sympatisørar til å gjenta med taktfaste rop: Dette finn vi oss rett og slett ikkje i!
Sjeldan stort tog
I Ålesund er no 700 Unio-medlemer ute i streik. Berre ein av grunnskulane og to små kommunale barnehagar er i normal drift. Og frå nabokommunane kom svært mange medlemer for å syne si støtte til dei streikande. Det er lenge mellom kvar gong så mange som 1500 menneske går i protesttog i Ålesund. Evy Ann Eriksen frå
Utdanningsforbundet var glad for at ein i Ålesund, som elles i landet, mobiliserte og var synlege.
– Vi har funne kampforma. Vi begynner å bli varme i trøya! Og regjeringa skal vite at det er vi som er garantistane for kvalitet på viktige samfunnsoppgåver, sa Evy Ann Eriksen.
Felles markering
Unio hadde også invitert YS Stat og Fagforbundet til markeringa, og ein av appellane vart halden av leiar i Norsk sjukepleiarforbund, Eli Gunhild Bye.
– Ei undersøking syner at 7 av 10 støttar krava våre. Det er svært bra, og det skal vi ta til oss. Men det er også mange som ønskjer å svekke oss. Bergens Tidende skreiv på leiarplass allereie første streikedag at staten gjer rett i å vere tilbakehaldne med lønene i offentleg sektor, og at Norge ikkje må prise seg ut av den internasjonale marknaden. Dette er villeiande! Våre krav ligg godt innanfor det som nasjonen kan tåle, sa Eli Gunnhild Bye.
Bye retta krass kritikk mot regjeringa, og kommenterte tilbodet som ”den dårlegaste rekrutteringskampanja ever! Ho understreka også det historiske ved at det er første gong på 28 år at vi har ein felles storstreik i offentleg sektor.
Det kulturelle innslaget var det lærarane Karin Sandal og Leif Tomren ved Volsdalen skole som stod for. Dei framførte sin eigen versjon av songen ”Jasså, sier du det”.
– Originalteksten handlar om ei dame med lojalitet, forventningar og vonbrot. Og dette er noko vi kjenner oss igjen i no, sa Tomren.
Onsdag var det liknande streikemarkeringar over heile landet.