Foreslår dugleiksprøve i symjing

Utdanningsdirektoratet har sendt to ulike framlegg for dugleiksprøver i symjing for fjerde klasse ut på høyring.

Publisert

Bakgrunnen er at fleire undersøkingar har vist at det er naudsynt å sikre at symjeopplæringa er i tråd med læreplanen og sikrar at alle elevane er symjedyktige etter fjerde klasse. Dugleiksprøven skal sikre at kommunen arbeidar systematisk med symjeopplæring for barn og unge, heiter det i høyringsbrevet.

Dei to alternative forslaga skil seg med det at i det eine framlegget er det lagt opp til ein prøve på slutten av det fjerde skoleåret. I det andre alternativet skal det bli registrert gjennom året kva elevane kan og ikkje kan.

Fordelane med det første er at resultata frå ei slik prøve kan vere eit sterkt innspel overfor skoleeigar. Difor kan det vere eit sterkt argument for å sikre gode undervisingstilhøve i symjing. Argumentet for det andre alternativet er at ein ikkje ønskjer eit sterkare prøve-press i skolen.

 

Powered by Labrador CMS