Ungdomsskolelæreren Patrik (Erik Johansson) og sambuaren Lisa (Vera Vitali).

Skoleproblem tema i «Bonusfamilien»

Sveriges Television (SVT) sender nå ut fjerde sesong av den svenske serien «Bonusfamilien». I første episode får Patrik, far i familien og ungdomskolelærar, problem på jobben.

Publisert Sist oppdatert

Patrik, spelt av Erik Johansson, er i ganske dårleg forfatning når han entrar klasserommet. Der blir han straks provosert av ein elev som sit oppå pulten og slenger grove provokasjonar mot Patrik. Ganske så handfast kastar Patrik eleven ut av klasserommet.

Det får bladet Läraren til å spørje: Er det lov, det Patrik gjer? Ifølgje bladet er mange lærarar redde for å handtere slike situasjonar, mellom anna av redsle for at det skal få konsekvensar for dei.

Bladet Läraren har difor kontakta Maria Refors-Legge, som har skrive ei doktoravhandling om skolens plikt til å hindre krenking av elevar.

Ho konkluderar med at Patrik truleg ikkje kan få sparken på grunn av hendinga.

Lærarar skal møte medviten provokasjon frå elevar med profesjonalitet. Men ifølgje Refors-Legge ser det ikkje ut til at svensk høgsterett meiner at det å løfte ein elev, slik Patrik gjer, i seg sjølv er ein heilt utenkjeleg eller urimeleg reaksjon. Det avgjerande er kor vondt det gjer for eleven.

Powered by Labrador CMS