Solhjell opnar nynorsk nettleksikon
Det nynorske nettleksikonet Allkunne blir lansert 20. oktober.
Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell står for den formelle opninga. Hovudlanseringa vert i Oslo, men lanseringa vert òg markert med arrangement seks andre stader i landet.
– Vi har publisert bortimot 850 artiklar til no, og dette talet kjem til å auke kraftig dei neste åra. Ei rekkje artiklar er i arbeid, og vi er i tillegg i ferd med å inngå avtale med Cappelen Damm om kjøp av rettane til å omsetje og tilrettelegge artiklar frå Caplex, seier Eirik Helleve, dagleg leiar i Allkunne.
Nettstaden skal tette eit viktig innhaldsmessig hol på internett. Dagleg sit mange menneske, frå skuleelevar til pensjonistar, og leitar etter godt stoff på internett på nynorsk.
Allkunne vil gi dei ein allmenn og redigert kunnskapsbase med påliteleg faktastoff der ein i byrjinga tek utgangspunkt i nynorsk språk- og kulturhistorie og språk i verda.
Nær 60 forfattarar har så langt levert artiklar til Allkunne. Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum har samarbeidd i mange år for å utvikle dette tilbodet, og er eigarane bak Allkunne AS. Ei samla nynorskrørsle har lenge sagt at dette er det viktigaste nye tiltaket for å styrkje nynorsk skriftkultur