Skolemat ga livslange fordelar

Dei som fekk servert mat på skolen tok lengre utdanning og fekk høgare livsinntekt enn dei som var utan skolemat.

Publisert Sist oppdatert

Dei vart som vaksne også ein cm høgare enn dei som ikkje fekk.

Svenske forskarar har kome fram til dette ved å studere opplysningene i administrative registre av 1,5 millioner svensker født mellom 1942 og 1965.

Varm skolemat vart innført i Sverige i 1946. Men først i 1970 hadde alle kommunar tilbod om varm skolemat.

Forskarane har kome fram til sine resultat ved å samanlikne personar som hadde gått på skole i kommunar med skolemat med dei som budde i kommunar der dei ikkje fekk skolemat.

Det var forskning.no som skreiv om denne saka først.

– Vår studie viser at å gi barn og unge i skolealder næringsrike skolemåltid er ein langsiktig investering. Å syte for at barn eter bra løner seg seinare i livet både for helse, utdanning og inntekt. Skolemat er en god, langsiktig investering, seier Dan-Olof Rooth, professor i nasjonaløkonomi ved Stockholms universitet i ei pressemelding

Grunnen til at skolematen har slik effekt meiner han er at skolemat gjer barna betre i stand til å ta imot undervisninga.

Seks prosent høgare livsinntekt

Rooth understrekar at alle grupper tente på å få servert skolemat. Men dei sosialt utsette tener mest. Dei som kom frå velståande familiar og hadde fått skolemat tente to prosent meir i livsinntekt enn dei frå velståande familiar som ikkje hadde fått skolemat. Dei som hadde vore fattige som barn og hadde fått skolemat tente seks prosent meir i livsinntekt enn dei som hadde vore fattige og ikkje fått skolemat.

Les: Kjøttfri skolelunsj skaper hissig debatt i Frankrike

Samstundes minner han om at Sverige mellom 1959 og 1969, da dei undersøkte personane gjekk på skolen, var eit rikt land der folk hadde mat på bordet.

Forskarane såg ingen samahang mellom skolemat og sjukdom seinare i livet. Skolematen påverka ikkje oppmøte på skolen.

Les heile artikkelen her: