Skal Utdanningsforbundet betale for at Gudmund Hernes skal få vurdere seg sjøl??
Under utarbeidinga av Reform 94 vart det gjort mykje, grundig, klokt og nyttelaust forarbeid.
Det som ikkje passa inn i modellane og tankebanane til "sjefen" vart omforma, forvrengt, håna og fjerna. Den sjølvrådige sjefen var Gudmund Hernes, då i rollen som utdanningsminister.
No viser det seg at ikkje alt fungerte like godt i praksis, og det har skjedd ein del endringar under vegs. Det er likevel rett å seie det i hovudsak er Hernes som har lagt rammene for den vidaregåande skulen vi har i dag. I denne skulen er det mange som ikkje finn seg til rette og skulen slit med tunge problem. No er det særleg det store fråfallet som er den mest aktuelle utfordringa.
Det er rett og viktig at fagorganisasjonen vår er med på dette arbeidet og støtter tiltak for å løyse dette og andre problem i vidaregåande skule. Men kva kan vere tanken bak å leige inn Gudmund Hernes og FAFO til å ta seg av arbeidet og utarbeide ein "rapport" som grunnlag for debatten?
Gudmund Hernes har sagt sitt og gjort sitt i norsk skole. Det som kjem frå han no er dømt til å framstå som skjønnmaling av eigen rolle, tvilsame tolkingar og retoriske kunstgrep. Han har eit livsverk og eit ego å forsvare, og det er ein håplaus bakgrunn for sakleg vurdering. Det må finnast betre måtar for å skape ein balansert og sakleg debatt.
Vi treng ikkje innspel fra Hernes, og det burde også Utdanningsforbundet kunne sjå.