Sju ordførarar krev meir nynorsk på regjeringa.no
Sju nynorskordførarar krev at regjeringa ordnar opp og gjer nynorsken meir synleg på nettsidene til regjeringa.
At regjeringa held seg med ei nettside der dei berre heiter regjeringen og der det nynorske språkvalet er vekke, undrar nynorskordførarane. Noregs Mållag reagerer også på at dei i tillegg knapt har eit ord på nynorsk på valnettsida, valg.no.
– At valportalen, valg.no, som nettopp i år er ei viktig nettside for kommunar og partiorganisasjonar over heile landet berre er på bokmål, kan ikkje vere i samsvar med lov om målbruk i offentleg teneste. Eg vonar det òg er i strid med målpolitikken til regjeringa, seier Arne Vinje, ordførar i Vinje kommune.
Nynorsk og bokmål er jamstilte målformer i Noreg. Om lag ein halv million nordmenn brukar nynorsk til dagleg. Eit stort fleirtal av kommunane i Noreg har anten nynorsk som vedteken målform (110) eller er språkleg nøytrale (157).
– Eg byrjar verte utolmodig, seier Alfred Bjørlo, ordførar i Eid kommune. Han sende brev om saka alt før jul.
Desse ordførarane står bak utspelet:
- Arne Vinje (SV), Vinje kommune, Telemark
- Alfred Bjørlo (V), Eid kommune, Sogn og Fjordane
- Bjørn Sandnes (H), Haram kommune, Møre og Romsdal
- Marta Finden Halset (Ap), Vik kommune, Sogn og Fjordane
- Bjarne Eiolf Holø (Sp), Lom kommune, Oppland
- Astrid Aarhus Byrknes (Krf), Lindås kommune, Hordaland
- Kyrre Lindanger (Ap) Bokn kommune, Rogaland