Sidemålsforlik på Stortinget
Utdanningsminister Kristin Clemet (H) får ikkje gjennomslag for å fjerne eksamen i sidemål i grunnskolen. Både hovudmål og sidemål skal vere delar av eksamen i norsk. I tillegg skal nasjonale prøver ha oppgåver på både bokmål og nynorsk.
Bak forliket står regjeringspartia og Arbeidarpartiet. I merknaden i innstillinga skriv dei at avgangseksamen i grunnskolen ikkje er avgjerande for opplæringa i eit skolefag, heller ikkje i sidemål.
Omfanget av lesing og skriving i dei nasjonale prøvene skal bli til etter nærare vurdering og i samråd med dei aktuelle fagmiljøa.
Det er i samband med tilpassa opplæring at fleirtalet peiker på at det er viktig å ha verkemiddel som kan vise om opplæringa vert tilpassa den enkelte elev og gir informasjon om dugleiken til eleven.
Nye læreplanar
Utdanningskomiteen sluttar opp om at skolen får nye læreplaner. I samband med det ber fleirtalet og om at læreplanene skal vere premissgrunnlaget for dei nasjonale prøvene, slik at dei nasjonale prøvene speglar kompetansemåla i dei aktuelle læreplanane for kvart trinn i grunnopplæringa.
Etter kva vi har grunn til å tru, får framlegget ikkje støtte frå Framstegspartiet som ikkje vil ha obligatorisk sidemålsopplæring, medan Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet vil ha den ordninga vi har i dag.
Leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad, er varsamt positiv til sidemålsforliket.
- Det er positivt at vi får vurderingsformer som femner både om læringsstrategier, motivasjon og meistring, seier Brunstad, men han er ikkje nøgd med at norsk i vidaregåande opplæring vert trekkfag.