Kven skal få Ole Vig-prisen 2016?
Ole Vig-prisen skal gå til ein ungdom mellom 20 og 35 år som har gjort ein framifrå kulturell innsats i Ole Vigs ånd.
Det gjeld ungdommar frå heile landet utan omsyn til politisk oppfatning. Ein Ole Vig-prisvinnar må ha gjort ein meir enn vanleg god innsats innanfor eitt eller fleire av desse områda:
- Folkeopplysningarbeid
- Kunst
- Kulturarbeid medrekna idrett
Det var Inntrøndelag Ungdomssamlag som sette i gang arbeidet med å få reist eit monument over Ole Vig, og pengar vart samla inn frå heile landet. Da monumentet sto ferdig, var det pengar til overs.
Desse pengane, pluss pengar som seinare har vorti gitt, utgjer kapitalen i Ole Vig-fondet. Det er renta av desse pengane som er Ole Vig-prisen.
Søknadsfristen er 1. september i år og prisen er på 10 000 kroner og ein diplom.
Ole Vig var født på Vikmarka i Stjørdal 6. februar 1824. Vikmarka var ein husmannsplass under garden Vikan. Faren var ein traust arbeidskar og ein klok og real mann. Mora var svært gåverik. Begge var religiøse. Ole hadde ei søster, Nikoline, og to brør som døde som små. Ole Vig utmerka seg i skolen og under konfirmasjonsførebuinga, som svært gløgg og lærenem. Det var prosten Widerøe som seinare fekk ordna med at Ole kom til Klæbu Seminar, som var det pedagogiske sentrum i Noreg på den tida.
Første posten hans var ein huslærarpost hos prost Magelsen i Åfjorden, 19 år gammal. Etter to år kom han til Kristiansund, først i almueskolen, seinare i borgarskolen. Ole fekk innsyn i Grundtvig sine skrifter, og dei gjorde inntrykk på han. Han reiste rundt på møte i bygd og by og starta lærarlag. Det er ikkje utan grunn at han har vorti kalla "lærarstandens far". Etter at Wergeland døde i 1845, var det Ole Vig som var "den store folkeføraren" i tida på det kulturelle området.
Han begynte å skrive, og i 1851 kom den første boka, "Liv i Norge". Nokon stor diktar vart ikkje Ole Vig. I 1851 reiste han til Danmark for å møte Grundtvig. Denne turen styrkte han i draumen om ein norsk folkehøgskole. Dette opplevde han dessverre ikkje, men den vart ein realitet 7 år etter hans død. Hausten 1854 flytta han inn i huset til Wergeland i Pilestredet i Oslo.
Den 19. desember 1857 døde han i Hjerterum, berre 33 år gammal. Han vart gravlagt på Vår Frelsers Gravlund på sjølvaste julekvelden 1857.
Alle organisasjoner som har medlemmer i aldersgruppa 20-35 år, kan sende inn forslag på kandidatar. Forslaget skal innehalde namn, fødselsdato, heimkommune og adresse på kandidaten, og ei grunnjeving som er så utfyllande som mogleg. Det bør sendast med dokumentasjon på den innsatsen kandidaten har gjort. Forslaget skal underskrivast av minst to ansvarlege personar frå den organisjasjonen som foreslår. Kanskje neste vinnar av Ole Vig-prisen er medlem i din organisasjon?