Saman er vi tause

Eg finn ikkje at Utdanningsforbundet har ført i pennen noko vitugt når det gjeld dagens pensjonistar. Så la oss melde oss inn i Landslaget for offentlege pensjonistar (LOP).

Då Lærarforbundet og Norsk Lærarlag skulle fusjonera, blei vi overtydde om at ei samansmelting mellom organisasjonane ville føra til samhald og STYRKE! «Saman er vi sterke», blei tonesett «kvar gong vi møttest»!

Men kven har merka denne styrken? Mange meiner at sentralleddet er lite i dei offentlege medium. Fylkesledda er lite synlege, likeins lokalleddet. Dei arbeidssame tillitsvalde satsar kanskje på ein godt betalt rådgivarjobb hjå arbeidsgivar når dei ein gong lausriv seg frå organisasjonstolen. Difor må dei vurdera om dei skal uttala seg i det offentleg rom eller ikkje. Likevel – ikkje nokon tillitsvald har så mykje å gjera som no – blir det sagt. Men kven jobbar dei for?

Førskulelærarane er ikkje ei større medlemsgruppe enn pensjonistane. Men vi får knapt spalteplass i fagbladet, og vi blir nekta innlemming i organisasjonens formålsparagraf. Det er ikkje få eg møter på mine rusleturar som spør seg: Kvifor er vi framleis medlem i Utdanningsforbundet? Eg veit kva organisasjonens tillitsvalde vil svara oss, men er argumenta gode nok?

Unio har handsama pensjonsreforma sett ut frå dei yrkesaktive, og det er bra. Men kva er blitt gjort for noverande pensjonistar? Kva har Utdanningsforbundet spelt inn til Unio når det gjeld oss? Har Utdanningsforbundet vist styrke for å hindra underregulering av G-beløpet, at trygdeavgifta har auka frå 3 til 4,6 prosent, at det er utarbeida ein negativ særtabell med progressiv skattlegging? 

Det blir opplyst at realaukinga lønnsmessig i departementa var på 20,6 prosent i løpet av ein seksårsperiode. Skog- og jordbruk hadde ein auke på 10,9 prosent, lærarane 10,1 prosent, og bygg og anlegg 11,1 prosent. Pensjonistane hadde ein negativ lønnsutvikling på 0,75 prosent per år i forhold til gjennomsnitts lønn. Det utgjer 4,5 prosent i denne seksårsperioden. Har organisasjonen gjort jobben sin då?

Nokre ektepar vel å leva saman sjølv om dei blir pensjonistar. Begge har krav på 66 prosent av sluttlønna – som trugne betalarar til m.a. Statens Pensjonskasse. Men dei som vel å halda i hop, blir fråtekne 15 prosent av G! 85 prosent av 100 prosent pensjon får vera nok! Det skakar meg! Etter mi meining må den eine falla ifrå – fort, skal pensjonstildelinga bli rettferdig. Å endra denne urettvise ordninga har truleg vore ei sak som organisasjonen har brukt heile sin styrke på for å få fjerna! Men det som irriterer meg, er at eg ikkje finn dokumentet som stadfesta at organisasjonen har gjort noko med å få slutt på denne pensjonsavkortinga!

Eg finn heller ikkje at Utdanningsforbundet har ført i pennen noko vitugt når det gjeld dagens pensjonistar. Så la oss melde oss inn i Landslaget for offentlege pensjonistar (LOP). LOP er den einaste pensjonistorganisasjonen med forhandlingsrett ovanfor myndigheitene.

Inntil vidare lever «dei tause» godt i sitt trygge reir! Kanskje fremjar dei eit forslag om å kvitta seg med alle pensjonistar. Pensjonistane er viktig når ein skal synleggjera storleiken på organisasjonen, medan eigentleg er vi berre brysame. Mens vi ventar på eit vedtak eller ei oppvakning i Utdanningsforbundet, kan vi vurdera om vi skal forlata organisasjonen «frivillig».