Typisk norsk å være uhøflig?

Det er 15 forfattarar frå ulike delar av verda som freistar å gje svar på spørsmålet i boktittelen. Dei representerer verkeleg den store verda! skriver omtaleren

Typisk norsk å være uhøflig?
Innvandrerne har ordet
Kulturbro Forlag
Ill. av Akin Düzakin

Les du boka Typisk norsk å være uhøflig? for å finne eitt klart svar på spørsmålet i boktittelen, ja, då vert du kanskje skuffa. I staden får du gleda av å oppleve det norske samfunnet frå nye og uventa perspektiv. Boka med undertittelen Innvandrere har ordet , gjev mange svar, minst så mange svar som det er forfattarar. Og svara peikar i ulike retningar. Møta mellom menneske frå ulike kulturar og nordmenn med sin norske kultur gjer svara så ulike.

Det er 15 forfattarar frå ulike delar av verda som freistar å gje svar på spørsmålet i boktittelen. Dei representerer verkeleg den store verda! Frå Nord- og Sør-Amerika, frå den nære og fjerne Austen, frå Afrika og fleire land i Europa fortel dei på svært ulike måtar om møta sine med Noreg.

Nokre fortel i eventyrform, nokre vel samtalen som form, andre kåserer, andre igjen skriv i ein meir akademisk sjanger med teori og notar, mange samanliknar med eigen kultur. Forma avspeglar mangfaldet. Kvinner og menn som har slått seg ned på ulike stader i landet, skriv her, det er unge og godt vaksne, dei har varierande lengd på opphaldet sitt i Noreg.

Reidun Aambø, førstelektor ved Høgskulen i Volda, hadde ideen til boka. Ho er også redaktør og har skrive innleiingsartikkelen. I føreordet stiller ho ei rekkje spørsmål som utgangspunkt for det ordskiftet som følgjer, og dei vert svara på i artiklane i boka. Nokre av desse spørsmåla, tema eller dilemma, vil eg kort nemne her:

Er nordmenn uhøflege når dei ikkje tek kontakt med naboane, eller syner vi respekt for privatlivet til folk? Er det uhøfleg å opne ei gåve med ein gong, eller det uhøflig å vente? Er ein høfleg viss ein stiller lærarane spørsmål i timane, eller misser både dei og studentane ansikt då?Er det høfleg å seie til ein nysskomen utlending at han eller ho snakkar godt norsk, eller er det eit teikn på at du undervurderer vedkomande? Er det uhøfleg eller høfleg å komme presis til middag? Kven skal vente – vertskapet eller gjesten? Å reise seg for eldre på buss eller trikk – er det å syne respekt, eller avslører du då at du ser på dei gamle som svake og elendige.

Ei av forfattarane, Anh Nag Longva frå Vietnam, stiller dette spørsmålet: ”Er nordmenn som ikke anstrenger seg for å konversere med en utlending i et selskap, uhøfligere enn amerikaneren som sitter og skravler i vei to timer til en ukjent utlending?”

Redaktøren har undervist i kortare og lengre tid i fleire land, ho har reist i svært mange land, og ikkje minst: Ho har i 15 år undervist på studiet Norsk for utanlandske studentar – NUS – i Volda. I innleiingsartikkelen gjenfortel ho ei historie ho har høyrd av ein student. Historia syner kor gale det kan gå sjølv om tanken er god.

Studenten frå Mongolia kunne fortelje at i heimbyen, Ulan Bator, var det nokre norske bistandsarbeidarar som inviterte på fest. Det kom mange menneske, både born og vaksne, dei åt og hadde det hyggeleg. Til slutt delte nordmennene ut ei gåve til kvar familie, eit Røde Kors-skrin med plaster, bandasjar, gassbind osb. Mongolane takka og gjekk heim. Men dei var sjokkerte og sinte.

Dette var ein episode det vart snakka om i fleire år etterpå, og ungdommar og born fekk ikkje lov til å ha noko meir med denne organisasjonen å gjere.Kvifor? Som Aambø seier, bistandsarbeidarane var velmeinande nordmenn som ville gi ei nyttig og fornuftig gåve. Det dei ikkje visste var kva symbolfunksjon denne gåva hadde: Å gi plaster og bandasjar som gåve var det same som å ønskje mongolane sjukdom og ulukke i framtida.

Ærendet til redaktøren kjem tydeleg fram i føreordet der ho seier at tekstane av dei 15 forfattarane kan gi oss kunnskap om andre måtar å vere høflege på enn våre eigne, dei kan gjere oss meir merksame på kor ulikt ulike menneske, med ulik etnisk og kulturell bakgrunn, kan kome til å oppfatte åtferda vår. Kanskje kan vi gjennom lesinga verte betre rusta til å forstå og bli forstått – utan at vi skal verte kulturelt like! Etter mi meining gir denne boka oss nettopp ei slik innsikt.

Innhaldslista i boka er svært informativ, ho fortel oss detaljert kva som er emnet til dei ulike bidragsytarane. Det er til stor hjelp, for dette er ei bok ein kan og bør fordøye over lang tid, ei bok ein kan kome tilbake til gong på gong. Ein kan more seg over mykje, vere samd eller usamd, hisse seg opp over noko, nikke gjenkjennande til anna. Eg skal presentere nokre små smakebitar, noko av det eg sjølv fann tankevekkjande.

Olga Kamarova, lektor ved Universitetet i Tromsø, har budd i Noreg i ti år. Enno held ho fast på førsteinntrykket sitt av det norske samfunnet som ho formulerer slik: Landet der ungane ikkje skrik, og hundane ikkje bjeffar. Den tøffe kvardagen i det postsovjetiske Russland vart ein sterk kontrast til den vennlege og høflege tonen og smila ho møtte på offentlege kontor og på butikkar.

Ho nemner som døme ein morgonblid bussjåfør i Tromsø som stoppa på ei smal bru for å late ein bandhund få tisse frå seg på ein stolpe! Men sjølv om ho set stor pris på slik positiv åtferd, har ho likevel problem med andre sider ved kodane våre, t.d. at vi er dus med alle. At unge studentar seier du til henne, er vanskeleg å venje seg til.

Velvilje og ei vennleg haldning pregar samfunnet i Noreg, men samstundes opplever ho nordmenn som lukka, ho saknar den personlege og uformelle interessa, at nokon ringjer berre for å slå av ein prat, ho saknar den spontane kommunikasjon. Er det kanskje sant at nordmenn er spontane – berre dei får tenkt seg om?

Susan M. Guerra frå Texas, USA er cand. mag og frilansskribent i Oslo, ho har budd her i landet sidan 1988. For å svare på spørsmålet i boktittelen har ho spurt folk ho kjenner, også nordmenn, og fått eit svært tydeleg ja! ”Alle jeg spurte sukket og mente at betjeninga ikke hadde folkeskikk, og at den serviceinnstilte kulturen var fraværende her i landet.”

Kva fortel dette oss? Vi får to heilt ulike svar og ulike opplevingar av korleis nordmenn er, her representert av folk i serviseyrka og det offentlege. Kanskje er det bakgrunnen til dei to forfattarane her som er årsaka, at dei brillene dei ser det norske samfunnet gjennom, er så ulike. Susan Guerra sluttar likevel teksten med å sitere den yngste sonen sin. På spørsmålet om nordmenn er høflige svarar han: ”Jeg vet ikke. Det finnes så mange nordmenn. Det kan være vanskelig å svare på.”

Reiko Abe Auestad, professor i japansk ved Universitetet i Oslo, kallar artikkelen sin ”Nordmenn er uhøflige og japanerne høflige – er dette myter?” Ho konkluderer på denne måten: ”Slik sett kan man si at høflighet og uhøflighet ikke refererer til noen medfødte egenskaper hos folk, men er begrep som blir konstruert ut fra de forventningane folk stiller til hverandre.”

Susan Guerra skriv også om korleis ho opplever at den amerikanske veremåten hennar, med ”small talk” og mange fraser for å vere høfleg, ofte vert sett på som prov på kor overflatisk amerikanarar og den amerikanske kulturen er. ”Siden jeg flyttet til Europa for tretti år siden, har jeg hørt at alle amerikanere er høylytte, uvørne og overfladiske, og at vi strør rundt oss med mange Yes sir!, Please, Thank you, sir! og Have a nice day, men mangler dybde i sjel og bvissthet.”

Anh Nag Longva frå Vietnam, professor i sosialantropologi ved UIB, skriv også om dette i artikkelen sin. Nordmenn ser på slike fraser som falske, seier ho, dei ser på dette berre som form, utan djupne eller meining. ”De feller en moralsk dom over amerikanerne fordi de sier ting ”de ikke mener”.

Longva ser då på den norske veremåten og analyserer han slik: ”Snur vi situasjonen og selv prøver å ”dyplese” den norske atferden i det offentlige rom, kan vi hevde at nordmenn, ved å oppføre seg uhøflig, har til hensikt å vise at de ikke nærer falske intensjoner overfor andre. Budskapet er: Jeg er ekte, derfor er jeg uhøflig”.

Er ein høfleg viss ein stiller lærarane spørsmål i timane, eller misser både dei og studentane ansikt då? Dette spørsmålet kjem Wenxia Wærnes, tidlegare student ved Høgskulen i Volda og no sosionom, inn på i artikkelen med den treffande tittelen: ”Konfucius kom aldri til Noreg”. Ein lærar i Kina nyt stor respekt, det syner t.d. ordtaket: ”Er du læreren min en dag, er du faren/moren min hele livet”.

Der har dei også ein eigen lærarfestivaldag, 10. september, då vert lærarane heidra på ymse vis, og den beste læraren vert kåra. I eit autoritetstru samfunn som det kinesiske, enno prega av Konfucius’ tankar, stoler ein på læraren som overordna og ekspert, ein stiller ikkje kritiske spørsmål. Ei slik elev- eller studentrolle kolliderer kraftig med forventningane kinesiske studentar møter på norske høgskular og universitet.

”Hvis vi kinesere er tause i et norsk klasserom, blir vi gjerne oppfattet som dumme, uengasjerte og umotiverte, men egentlig er vi høflige og omtenksomme!” Stiller ein eit spørsmål, og læraren då kanskje ikkje kan svare, så mister både ein sjølv og læraren ansikt. Også eleven eller studenten som har påført læraren disharmoni og skam, vil tape ansikt og sjølvrespekt.

”Å kritisere, komme med selvstendige meninger, gi tilbakemeldinger og å evaluere, som det er krav om i det norske utdanningssystemet, er derfor som oftest uvant, vanskelig – og kan rett og slett føles uhøflig for en kineser”

Eitt klart svar på spørsmålet i boktittelen får altså ikkje lesaren, for høfligheit handlar om forventningane vi har lært i kulturen vår, ikkje om rett eller gale. Men vi vert litt klokare, og vi skjøner kanskje litt meir av vårt eige samfunn etter å ha lese dei tankevekkande artiklane.

Redaktøren Reidun Aambø har nokre kloke ord til slutt i innleiingsartikkelen, nokre ord som kan gjelde alt menneskeleg samvær, ikkje minst i eit fleirkulturelt samfunn. Ho peikar på at det heldigvis er meir som er likt enn ulikt i den menneskelege veremåten, i behov og kjensler. Har vi gode intensjonar med det vi gjer og prøver å tolke andre i beste meining, så vert vi stort sett oppfatta som venlege og høflege – særleg viss vi i tillegg slepp smilet til!