Elias Blix - teolog og vitenskapsmann
Dette er ein velskriven og velredigert biografi om teologen som aldri vart prest.
Elias Blix. Ein betre vår ein gong.
Biografi
Av Anders Aschim
600 sider
Det Norske Samlaget 2008
I innleiinga til Anders Aschim sin biografi om Elias Blix, "Ein betre vår ein gong (2008)", les vi den gripande soga der to fangar i konsentrasjonsleiren Sachsenhausen ventar på togtransport til Bergen-Belsen, der den eine, Arnulf Øverland, nyttar tida til å analysera eit nynorsk salmevers av Elias Blix, som for han står som ein læremeister i diktarkunsten. Betre start kunne vel ikkje ein biografi om salmediktarhøvdingen få.
Vi kan spørja: Kven var Elias Blix? Kva var livsyrket hans? Det er dette biografen på ein fyllestgjerande måte gjer greie for.
Elias Blix voks opp i Gildeskål, der han vart fødd i 1836. Blix var eit opphavleg slektsnamn som han sjølv tok i bruk som etternamn, etter at hans fulle namn hadde vori Elias Blix Pedersen.
Som Anders Aschim seier: ”Biografien til Elias Blix blir ei rørsle gjennom det norske 1800-talet frå periferi mot sentrum”. Her får vi fortalt Elias Blix si reise frå Gildeskål da han 17 år gamal vart teken inn som elev på seminariet i Tromsø, enda om lågalderen for opptak var 18 år, vidare som lærar og student i denne nordnorske byen til han seks år seinare reiste til hovudstaden som lærar og student.
I Kristiania møtte han fleire Tromsø-seminaristar med same plan: ta examen artium og studere teologi. Dei hadde også same problem: økonomien. Men dei hadde same løysing: å arbeida som lærarar medan dei studerte så godt dei kunne.
Elias Blix oppnådde imponerande eksamensresultat i eit hektisk studentprogram. Nytt semester tok til så snart examen artium var fullført i 1860. Biografen gir eit godt innblikk i den obligatoriske ”andreeksamen” eller examen philosophicum, som i denne tida var ein omfattande eksamen. Blix gjennomførde denne prøva alt i 1863, og han vart åleine om det reine eitt-talet, og den stillfarande nordlendingen vart no lagt merke til i studentmiljøet.
Anders Aschim omtaler på ein levande og interessant måte også Elias Blix sin kontakt med målrørsla og den pedagogiske utviklinga i tida.
Hebraisk skulle syne seg å verta eit sentralt språk og emne i Elias Blix sitt liv. Våren 1866, tretti år gamal, hadde han nådd målet: Cand.theol. Elias Blix – også denne gongen med laud som resultat.
I eit av dei innleiande kapitla i biografien fortel Anders Aschim om reisa fram til Magdeburger Bahnhof i Leipzig i 1871. På perrongen stod Elias Blix med kona si, Emma. Dei nygifte var no på stipendreise. Han ville til Leipzig for å læra meir om gammaltestamentleg teologi og semittisk filologi. Her skulle dei no bu i 1871–1872. Biografen fortel om desse åra i utlandet da familien også fekk den første sonen.
Men kva var det Blix ville studere i Leipzig? Det var arabisklæraren han var komen for å møte med tanke på studium i semittiske språk. Dette har Aschim gitt ein inngåande og oversiktleg omtale av. Ved Institutum Judaicum, som nettopp var stifta, lærde Blix å kjenne jødedommen som ein levande religion og hebraisk som eit levande språk.
Blix reiste til Leipzig som teolog, men kom attende som filolog.
Etter Leipzig-opphaldet og doktorgrad vart Blix utnemnd til professor i hebraisk. Det var ut frå alt dette også naturleg at Blix vart sentral i arbeidet med bibelomsetjing av Det Nye Testamentet. Det var òg eit poeng å få prøvd ut landsmålet som berekraftig bibelspråk.
I den skolehistoriske litteraturen les vi om statsminister Johan Sverdrup sin spesielle måte å presentere folkeskoleprogrammet på – i eit skriv til kyrkje- og undervisningsminister Elias Blix. Men det den skolehistoriske litteratur ikkje har fortalt, er kven Elias Blix var. Korleis var han som statsråd? Dette fortel Anders Aschim om i kapitlet om statsråden i perioden 1884–1888. Han fortel om den oppriktige venstremannen, den gamle skolemeister og professor som viste seg å bli fort varm i stolen, som set seg inn i sakene og fekk dei unna Kapitlet om statsråden, som minister både i Kristiania og Stockholm, er skolehistorisk mykje interessant. Siste kapitlet i boka omhandlar salmediktaren Elias Blix. Blix som diktar får vi eit fyldig bilete av gjennom denne biografien. ”Først som statsråd blir Elias Blix salmediktar”, skriv Aschim m.a. Femten år hadde da gått sidan det første heftet av "Nokre Salmar" kom ut. Tittelen på biografien syner at salmediktinga står sentralt. Aschim har ein god og levande måte å fortelja dette på – m.a. ved stadig bruk av sitat frå dikt og salmar.
Biografien gir oss ein svært interessant omtale av Elias Blix – som gut i oppveksten, som skolelelev, lærar, student, teolog og bibelomsetjar, professor, statsråd og salmediktar. Boka er fyldig og vel redigert, skriven på eit framifrå nynorsk. Elias Blix vert omtala som den samansette kulturpersonlegdomen han var, teologen som aldri vart prest.