Nynorskgrupper i skolen

Ei nynorsk elevgruppe på ein bokmålsskole skal vera på same viset som ein nynorskklasse på bokmålsskole var tidlegare. Den nye opplæringslova gjer inga innskrenking i omfanget av denne retten, skriv innsendaren.

Når foreldra til minst 10 elevar på same steget vil ha nynorsk opplæring på ein bokmålsskole, har dei rett til eiga elevgruppe. Etter at den nye opplæringslova kom i 2003, ville somme ha det til at lova var endra på dette punktet, at når klasseomgrepet fall bort, vart denne retten innskrenka. Sandnes kommune hevda til og med at dei hadde fått eit lokalt handlingsrom, som gav skolane rett til å blande grupper med ulikt opplæringsmål nett som dei ville.

Det er ille at dette fekk surre og gå både eitt og to år før Utdanningsdirektoratet i sommar endeleg kom med rundskriv som gjer det klårt at lovendringa ikkje har gjort noko innskrenking i retten til eiga målformgruppe. Ei nynorsk elevgruppe på ein bokmålsskole skal såleis etter lova og intensjonane til lova vera på same viset som ein nynorskklasse på bokmålsskole var tidlegare. Den nye opplæringslova gjer inga innskrenking i omfanget av denne retten, slik nokre skolar har teke seg til rette med.

Så skulle ein tru at alt var såre greitt. Men spørsmålet om blanding av grupper med ulikt opplæringsmål er likevel ikkje ute av verda. I avgjerda frå Sandnes tingrett 2. februar i år står det mellom anna: ”kan Sandnes kommune ikke uten samtykke fra foreldrene til elever ved Lura, Bogafjell og Ganddal skoler, blande ulike språkgrupper i annet enn praktisk-estetiske eller liknende fag.”

Kor er dette med samtykke av foreldra kome frå? Tingretten må her vera på ville vegar. Det er i tilfelle nytt i norsk skole at skolen kan avvike frå lova dersom foreldra samtykkjer. Det er ingen reglar i opplæringslova som kan fråvikast med samtykke av foreldra, og opplæringslova seier da heller ingenting om at foreldra kan samtykkje i blanding av målformgrupper. Foreldra kan ikkje kreve noko anna enn det lova gir dei, ikkje meir og ikkje mindre.

Foreldra har rett nok ansvar for borna sine, men skolen har ansvaret for skolen og arbeidsmåtane der. Når foreldra har valt ei anna målform for borna og har rett til eiga elevgruppe, bør dei sparast for pågang frå skolen om større eller mindre unntak frå dette.

Utdanningsdirektoratet tek sjølvsagt heller ikkje opp dette i rundskrivet sitt, da det ikkje har noko med tolking av opplæringslova å gjera, men direktoratet gjer det heilt klårt: ”hvis det skal gjøres unntak fra hovedregelen om opplæring i egen gruppe, må dette vurderes konkret i hvert enkelt tilfelle i hvert enkelt fag.”

Rundskrivet peiker på at det i tilfelle må ligge føre ei pedagogisk grunngiving. Det blir heilt feil å pålegge foreldra ansvaret for det. Tingretten har ikkje nokon gong sagt korleis lova opnar for at foreldra kan gi slikt samtykke, men har gitt ei fråsegn som heng i lause lufta.
 
Det er vidare misvisande og forvirrande å opne for blanda målformgrupper i særskilde fag, slik som praktisk-estetiske fag og ”liknende fag”, utan nærare avgrensing. Det er ikkje faga som er avgjerande, men opplæringsmåten.

I førearbeidet til lova står det at ulikt opplæringsmål ikkje er til hinder for opplæring saman når dette ikkje bryt med formålet med retten til eiga målformgruppe. Formålet med eiga målformgruppe er at elevgruppa skal ha opplæringa si på den skriftmålforma foreldra har valt. Det må gjelde i opplæringa der skrift blir brukt, det vil seia når lesing og skriving går inn i opplæringa. 

Ein del av opplæringa i somme fag blir gitt utan bruk av skrift, til dømes i praktiske fag. Men utgangspunktet må da vera at når skrift blir trekt inn i slike fag, er ikkje grunnlaget for å blande grupper til stades. Avgjerande er ikkje kva fag eller emne opplæringa gjeld, men korleis opplæringa blir gitt.

Dette gjer òg direktoratat klårt i rundskrivet sitt med å presisere at omgrepet ”praktisk-estetiske fag” i forarbeida til lova er brukt som eksempel der dette kan vera aktuelt. Både ved fysiske aktivitetar, prosjektarbeid og temadagar med utstillingar og ekskursjonar og liknande kan det vera unntak frå hovedregelen. Men direktoratet presiserer: ”I disse tilfellene vil det normalt foreligge en pedagogisk begrunnelse for en annen organisering.” ”Vurderingskriteriene vil da være om formålet med regelen likevel blir ivaretatt.”

Det er såleis ikkje grunnlag for å leggje enkelte fag inn i årsplanen som eit allment unntak frå lovregelen, det må gjerast slik direktoratet seier: ”vurderes konkret i hvert enkelt tilfelle i hvert enkelt fag.”  

Tingretten si slutning om å blande målformgrupper i praktisk-estetiske og liknande fag, og elles med foreldresamtykke, er ikkje i samsvar med lova og intensjonen med lova. Denne avgjerda i tingretten gir derfor ikkje rettesnor for organisering av nynorskgrupper i skolen.