Nynorsk motgift
Nei, kven kveit – kvissleis ein skal få bokmålselevar til å lære nynorsk. Jacob Westersund kjem med eit gjenkjennande hjartesukk i innspelet ”Gift II” (Utdanning nr 10/2007).
Elevane hans ved Lørenskog videregående skole ser ikkje nytta av nynorskopplæring, og tek ikkje til seg grammatikkundervisninga hans: Westersund skriv i innspelet Gift II at han går gjennom nynorske substantiv igjen og igjen, og elevane skriv likevel stilar fulle av feil.
No vil eg ikkje ha sagt noko om korleis Westersund driv undervisninga si, men han stiller seg modig og lagleg til for norsk- og framandspråkdidaktiske hogg. Eg kjenner ikkje mange norsk- eller spansklærarar som frivillig samanliknar seg med adjunkt Aalbom eller kollegaene hans frå Gift.
Westersund skriv at få elevar klarer å lære seg dei fem grammatikkreglane (om substantiv i nynorsk), og at færre gidd følgje dei når dei skriv. I framandspråkundervisninga har vi nytte av å skilje mellom kunnskap om språket, som t.d. grammatiske reglar eller uttalereglar, og dugleik (ferdigheit) i språket, altså det å bruke og forstå det. Det er ingen automatisk samanheng mellom desse to formene for kunnskap, noko alle kan skrive under på som har pugga tyske preposisjonar, men ikkje klart å kjøpe ei varm pølse i Tyskland.
Den nye læreplanen for andre framandspråk markerer tydeleg at språket skal brukast, ikkje berre setjast på formel for å bli pugga. Grammatikken gir oss omgrep for å snakke om språket og fokusere på form.
Bruk av språket er sjølve føremålet med språklæringa – kommunikasjon med andre menneske og kulturar. Når vi klarer å kombinere teori (grammatikk) med praksis (bruk, øving, lytting, skriving osb.), kan elevane dra nytte av det eine i arbeid med det andre.
Westersund kunne ta lærdom av måten elevane lærer engelsk på, der byrjar dei tidleg og tek språket i bruk frå første stund. I staden ser det ut til at han underviser i nynorsk som om det var den giftigaste latin, der grammatikken var målet og språket verken kunne eller skulle brukast. Å språkbade i nynorsk på det sentrale Austlandet krev innsats, men det er kanskje denne innsatsen læraren må gjere. Nynorsk er eit levande bruksspråk, og vi møter ordtilfang og grammatikk i nynorske tekstar, som ikkje treng handle om bondelandet og gamle dagar.
Les Olaug Nilssen, Hans Sande, Marit Eikemo, Carl Frode Tiller, eller andre moderne forfattarar som skriv nynorsk. Variantar av substantiv- og verbbøying kan vi kjenne att i mange dialektar – inviter nokre innflyttarar og noter ordformer i løpet av samtalen, lytt til Side Brok og Radio Røynda, spel dialektspel på nettet. Gjer som Holmlia skole i Oslo og bokmålsskular over heile landet: Bruk nynorsk undervisningsspråk i krl eller naturfag, så skifter fokus frå form til innhald, og elevane blir vande med å høyre, lese og skrive nynorsk til noko ”nyttig”.