Ken Wyatt (64) har bakgunn som lærar og er den første frå urfolket som vert minister i Australia.

Lærar vart historisk minister

Publisert

Læraren Ken Wyatt er i dag utnemnd til minister for eldre og urfolk i Australia. Han er den første aborigin som får ein ministerpost, melder NRK.

Ifølgje nettsidene til den australske regjeringa har Wyatt representert det liberale partiet i parlamentet sidan 2015. Før det var han direktør for utdanning for aborginarar i Utdanningsdepartementet. Yrkeslivet før han vart politikar har vore knytt til utdanning- og helsespørsmål for aborginarar. 

Ifølgje Wikipedia høyrde mora til Wyatt til det som er kalla «den stolne generasjonen». Det er ungar som styremaktene tok frå foreldra av di dei skulle vere av blanding av kvite og aboriginarar. Dette skjedde mellom 1905 og 1969.

Ken Wyatt (64) har bakgunn som lærar og er den første frå urfolket som vert minister i Australia.

Powered by Labrador CMS