Gratis kjernetid gjer det fire prosent meir sannsynleg at barna ikkje vil hamne under grensa for kva som er urovekkjande dårleg lesing eller rekning. Ill.foto: Joana Franca, Free Images

Gratis kjernetid i barnehagen gir betre lesarar

Innvandrarbarn i bydelar med gratis kjernetid i barnehage har mindre risiko enn andre innvandrarbarn for å lese og rekne urovekkjande dårleg i tredje klasse.

Publisert

Skolen klarer ikkje å jamne ut forspranget barnehagen har gitt barna. Det er Nina Drange som konkluderer slik i Statistisk sentralbyrå sin rapport «Gratis kjernetid i barnehage i Oslo». I bydelane Alna, Stovner, Grorud, Bjerke og Søndre Nordstrand har fire- og femåringar fått tilbod om gratis barnehage i fire timar om dagen.

 

Skilnadane er dei same

Drage har sett på kartleggingsprøver i norsk og rekning for innvandrarbarn frå desse bydelane, og samanlikna med innvandrarbarn frå andre bydelar. Prøvene vi ser at barna får bydelar med kjernetid gjer det best på prøvene.

Statistisk sentralbyrå har tidlegare målt skilnadane mellom ungane frå bydelar med gratis kjernetid og dei utan i både første- og andre klasse. Nå som tredje klasse også er målt, ser vi at skilnadane er dei same gjennom alle tre åra.

Det tyder at skolen ikkje har klart å jamne ut skilnadane mellom dei to gruppene, ifølgje Drage.

 

Vil ha ny samanlikning

Ho konkluderer med at gratis kjernetid gjer det fire prosent meir sannsynleg at barna ikkje vil hamne under grensa for kva som er urovekkjande dårleg lesing eller rekning. Ut frå eit poengsystem for resultata ved kartleggingsprøvene skriv ho at desse barna i snitt får 10 prosent betre resultat.

- Det er ein ganske stor effekt, heiter det i rapporten.

Effekten er likevel ikkje like stor for alle barn. Drage viser til forsking som fortel at barnehage har størst effekt på skoleresultata for barn frå familiar med låg inntekt og lite utdanning. Ho finn ein parallell til dette her. Utslaget er størst når vi samanliknar barn frå familiar med låg inntekt, mor utan arbeid og lite utdanning. Dessutan er effekten større for jentene enn for gutane.

Statistisk sentralbyrå vil samanlikne igjen når ungane går ut av femte klasse.

- Da vil vi kunne samanlikne resultata frå nasjonale prøver før og etter at gratis kjernetid vart innført. Dermed kan vi seie meir sikkert om det er gratis kjernetid som gir skilnadane, seier Nina Drage til Aftenposten.

 

Powered by Labrador CMS