Jentene dreg ifrå gutane i skuleprestasjonar. Ill. foto: Torkjell Trædal

Jentene er best i alle fag

Jentene får betre karakterar enn gutane, og skilnaden aukar. Men å spå at difor vil jentene også kassere inn høgare løner når dei kjem ut i arbeidslivet, det er usikker spådom.

Publisert

Skilnaden mellom karakterane til jentene og gutane som gjekk ut av grunnskolen nå i vår, var på 4,5 grunnskolepoeng. I fjor var skilnaden på 4,4. Skilnaden mellom gutar og jenter har auka jamt og trutt sidan 2009. Da var skilnaden på 3,8 poeng. Grunnskolepoeng er eit samla mål for karakterar i fag ved avslutninga av 10. trinn. Det er Utdanningsdirektoratet som legg fram desse tala.

Jentene får betre karakter enn gutane i alle fag, men skilnaden er størst i norsk.

Elevane fekk i gjennomsnitt betre karakterar i år enn i fjor. Berre for gutar i Finnmark har den gjennomsnittlege karakteren gått ned. Nå skil det 7,3 poeng mellom gutar og jenter i Finnmark.

Skilnaden i karakterar mellom gutar og jenter er mykje større enn dei geografiske skilnadane. Det skil 2,8 poeng mellom Akershus, som har dei beste karakterane, og Finnmark, som har dei dårlegaste. Jentene i Finnmark får likevel betre karakterar enn gutane i Akershus. Jamt over ligg jentene i Finnmark over det samla landsgjennomsnittet for båe kjønn, medan gutane i Akershus ligg under.

I engelsk hadde gutane i Akershus eit snitt på 3,8, medan jentene i Finnmark hadde 4. Landssnittet for båe kjønn var 3,9. I matematikk var snittet for Akershus-gutane 3,5, for Finnmarks-jentene 3,7 og landsgjennomsnittet 3,6. I norsk skriftleg, hovudmål, hadde gutane i Akershus eit snitt på 4,1, jentene i Finnmark eit snitt på 4,3, og landsgjennomsnittet var på 4,3.

 

Framtidig lønn

Kan vi ut frå dette spå at når jentene frå Alta, som har eit gjennomsnitt på 4,4 i norsk, også vil gjere det betre enn gutane frå Asker, med eit norskgjennomsnitt på 3,7 når vi ser på framtidig lønn? Utdanningsnytt har nemnd opp Turid Lilleheie til spåkvinne. Ho er første nestleiar i Norsk Kvinnesaksforening og tidlegare leiar i Norsk Tjenestemannslag.

– Det har vore ein sterk tendens til at dei mennene som alt er i arbeidslivet, tar seg svært godt av dei mennene som kjem inn, ikkje minst med omsyn til lønn, seier ho.

– Eg sit nå og går igjennom siste lønsstatistikken, held Lilleheie fram.

– Han viser at skilnaden på lønn mellom kvinner og menn i samanliknbare yrke har auka dei to siste åra. Ifølgje statistikken er skilnaden nå på 10 prosent. Men truleg er han mykje større. Statistikken byggjer berre på dei arbeidsplassane som har tariffavtale. Difor er store delar av til dømes finansnæringa ikkje med. Der veit vi at det er store kjønnsskilnadar, seier ho.

– Er betre karakterar eit sterkt nok fenomen til å endre strukturar som gir kjønnsbaserte skilnader i lønn?

– Det er eit spennande spørsmål som vi ikkje har kunnskap nok til å svare på. Det vi ser, er at kvinnedominerte yrke som krev høgare utdanning, har lågare lønn enn tilsvarande mannsdominerte yrke. Og når kvinnene blir dominerande i yrke som tidlegare var mannsdominert, går lønna ned. Presteyrket kan vere eit døme på det. Så ut frå det vi veit, er det mykje som tyder på at arbeidslivet ikkje betalar kvinnene særleg godt for gode karakterar, seier Turid Lilleheie, og avsluttar:

– Vi bør uansett vere glade for at vi har så mange flinke jenter, og håpe og tru at dei vil vere med på å betre den økonomiske likestillinga når dei entrar arbeidslivet, seier ho.

Sjå heile statistikken her.  

 

 

Powered by Labrador CMS