Leiar i Raudt, Bjørnar Moxnes (t.v) trugar med å bryte byrådssamarbeidet i Oslo. På biletet, f.v: Bjørnar Moxnes (Raudt) Raymond Johansen (Ap), Lan Marie Nguyen Berg (MDG) og Marianne Borgen (SV). Foto: NTB scanpix

Barnehagestrid trugar byrådet i Oslo

Barnehagelova er ei lov for barn sine rettar, ikkje ei lov for vern av næringsinteresser, seier leiar i Raudt Bjørnar Moxnes og trugar med å bryte byrådssamarbeidet i Oslo.

Publisert

Nye barnehagar i Oslo skal anten vere kommunale eller drivne av ideelle organisasjonar.

Det var det viktigaste kravet for at Raudt, som ikkje sit i byrådet, skulle støtte byrådet frå Arbeidarpartiet, SV og Miljøpartiet etter kommunevalet i fjor.

Nå seier kommuneadvokaten i Oslo, tidlegare justisminister Hanne Harlem, at ein slik diskriminering ikkje er lovleg. Men her er ho ikkje på line med førsteamanuensis Tarjei Bekkedal ved Institutt for sjørett ved Universitetet i Oslo. Han har levert ei utgreiing til Raudt, og meiner kommunen kan gjere slike prioriteringar.

– Så kva gjer de i Raudt nå?

Utdanning spør leiar Bjørnar Moxnes.

– Vi seier at om juristane er usamde, så må politikarane skjere igjennom. Oslo kommune kan ikkje la seg skremme av at barnehageselskap som Espira eller Norlandia trugar med rettssak. Byrådet må følgje avtalen, seier Moxnes til Utdanning, og held fram:

– Vi viser samstundes til forarbeidet til barnehagelova, der det står klart at pengane til barnehage skal kome barna, ikkje velferdsprofittørane til gode. Derfor kan det ikkje vere i mot lova å ikkje sleppe dei kommersielle til, seier han.

– Klarer ikkje venstresida i hovudstaden å snu ein politisk kurs på dette feltet når vi nå har fleirtal, da har vi ingenting å gå til stortingsval på neste år, legg Moxnes til.

– Kan de ikkje gå til val på å endre barnehagelova, slik at tolkinga på dette punktet ikkje lenger er uklår?

– Naturlegvis skal og må vi få igjennom ei slik endring. Men vi er ikkje innstilt på å vente til dette er på plass for at avtalen vi gjorde for å støtte byrådet i Oslo skal bli verksam, seier Bjørnar Moxnes.

Oslo-byråd for oppvekst og kunnskap, Tone Tellevik Dahl (Ap), svarar på utfordringa