Ny nettutgåve av Nynorskordboka
Den nye rettskrivinga for nynorsk er no lagd inn i nettutgåva av Nynorskordboka og oppslagsord og bøyingar er oppdaterte i samsvar med ny rettskriving.
Det er ingen sideformer (klammeformer) lenger verken i oppslagsord eller bøyingsformer.
– Nynorskordboka er open for alle og viser kva som er rett nynorsk frå no av, seier direktør Arnfinn Muruvik Vonen i Språkrådet i ei pressemelding.
Ordboka er oppdatert av Universitetet i Oslo i samarbeid med Språkrådet.
Den nye utgåva har ikkje berre ny rettskriving, innhaldet er òg presentert betre enn før.
No har ordboka:
- bøying for alle ord, også samansetningar
- mindre bruk av forkortingar enn før, alle oppslagsorda er skrivne fullt ut, også i døma
- mange klikkbare ord i definisjonane
Søk i ordboka frå nettstaden til Språkrådet (www.sprakradet.no) eller frå nettsida www.nob-ordbok.uio.no.
Bokmålsordboka skal fornyast på liknande vis som Nynorskordboka.
Les meir om den nye rettskrivinga i nynorsk her