Fellesskap eller den sterkaste sin rett?

Årets nasjonale prøvar i grunnskulen er avslutta og resultata er klare og offentlege. Og dermed er eit nytt stort ordskifte i gang – ordskiftet om dei mange kvifor.

Kvifor gjer ikkje norske skuleelevar det betre? Kvifor hevdar ikkje norsk skule seg betre samanlikna med skulen i andre land? Kvifor blir det ikkje skapt betre resultat i norske skular når vi bruker så mykje pengar på opplæring og utdanning?

For det første: heile debatten byggjer på det som ser ut til å bli tatt for å vere ei grunnleggjande sanning, nemleg at norsk skule er så sørgjeleg elendig. Elevane lærer ikkje, dei kan ikkje nok, dei får ikkje det dei skal ha, dei ”produserer” ikkje tilfredsstillande. Men er no dette ei så absolutt sanning? Norske skuleelevar har truleg aldri lært så mykje som i dag, t.d. om det å vere menneske, mellom andre, om det å ta ansvar for seg sjølv og andre, om å stå fram i ei forsamling, om å ta i bruk sine eigne kreative evner, – for berre å nemne nokre få kvalitetar ved den norske skulen. Blir slike ting målt i nasjonale prøvar?

Nasjonale prøvar kan vere viktige for å fortelje oss noko om norsk skule. Dei kan fortelje oss litt om skulen, men berre litt. Dei fortel oss litt om kor gode elevane er i lesing og rekning. Prøvane som no er utgangspunkt for det offentlege ordskiftet fortel litt om kva femte- og åttandeklassingar ”produserte” på lese- og rekneprøvar ein times tid ein dag i september 2007. Ikkje meir enn det.

Dei fortel ikkje noko om kva dei same elevane er i stand til å lese av bøker, skjønn- og faglitteratur, blad, teikneseriar, dataprogram osv over tid. Dei seier ingen ting om kva desse elevane kan lese, forstå, oppfatte i andre situasjonar, på andre tidspunkt, med anna motivasjon. Og dei fortel ikkje kva elevane kan få til i fellesskap, t.d. i ein klassesituasjon der dei kan samarbeide om å løyse oppgåver.

Er så resultatet frå ein nasjonal prøve nok til å felle ein endeleg dom over norsk skule som dårleg? Ein nasjonal prøve fortel litt om den norske skulen, men norsk skule er så mykje, mykje meir enn det nasjonale prøvar kan og skal måle. Derfor blir det både feil og meiningslaust å tru at debatten etter desse prøvane kan fange opp alle sider, gode som dårlege, ved skulen. Lesing og skriving er sjølvsagt viktig, det er heilt grunnleggjande kunnskapar og ferdigheiter som skulen skal hjelpe elevane å tileigne seg.

Dermed er det viktig å rette fokus mot undervisning i lesing og skriving og mot resultatet av denne undervisninga, nemleg kva elevane lærer og kva dei kan. Men kan vi vere så sikre på at dei nasjonale prøvane gir oss fullgode svar på desse spørsmåla?

Her må vi vere ærlege nok til å erkjenne at dei berre eit stykke på veg kan gi oss svara, for her er mange feilkjelder, knytte til m.a. informasjon, motivasjon og elevane sin bakgrunn og erfaringar. Det er derfor all grunn til å ha ei nyansert tilnærming til det dei nasjonale prøvane kan fortelje, – ei langt meir nyansert tilnærming enn det ordskiftet i dagane etter offentleggjering av årets prøvar har romma.

Men om vi no tar utgangspunkt i det som er dagens skulepolitiske mantra: at norsk skule ikkje er god nok (for det er han heilt sikkert ikkje, mange ting både bør og kan bli betre) – kva så? Kvifor er det slik? Og kva veg skal vi velje for å skape ein betre skule?
 
Det synest å vere stor semje om at kunnskap er forklaring og svar på alt som gjeld skule i dag. Det kan jo vere naturleg, sidan kunnskapsformidling alltid vil vere ei hovudoppgåve for skulen. Og dersom elevane ikkje får nok og rett kunnskap i skulen så må noko gjerast. Men kva? – og kvifor?

Kva skule er – og skal vere – er ikkje berre eit praktisk eller pedagogisk spørsmål. Sjølv om ordet ideologi i dag har kome i miskreditt handlar det i stor grad om ideologi. Og derfor er det eit stort tankekors at ideologiaspektet er så fråverande i den politiske og mediestyrte skuledebatten. Dvs, heilt fråverande er det nok ikkje, men det er godt kamuflert og har sterk slagside.

Då Høgre i 2001 fekk styringa med norsk skule, visste dei at dei no hadde høve til å forme skulen ut frå eigen ideologi. Fokuset på kunnskap og læring var sjølvsagt nærliggjande. I dagens og morgondagens samfunn er behovet for kunnskap større enn nokon gong og med knappe ressursar må vi sørgje for å få maksimalt ut av dei ressursane skulen får tildelt.

Men kunnskap blir ikkje til i eit tomrom. Læring i skulen skjer innanfor rammer som for ein stor del er tufta på ideologi. Det var her Høgre greip sjansen når dei hadde han. Gjennom ropet på meir kunnskap kunne dei bryte ned nokre av dei grunnverdiane som skulen har bygd på i generasjonar: fellesskapet. Den norske skulen har vore skulen der alle skal stille likt og ha same rettar og plikter anten ein er gut eller jente, fattig eller rik, ressurssvak eller ressurssterk. Og viktigare: skulen der alle elevar skal utvikle seg og lære innanfor rammene av fellesskapet bygd på samhandling og samarbeid. Dette er ein krevjande verdi å byggje ein skule på og skulen vår har nok aldri nådd idealmålet. Men det er ikkje dermed sagt at han har vore feilslått, heller tvert om.

I dag blir einskapsskulen langt på veg latterleggjort av Clemet & co. Deira alternativ er, ikkje uventa, ein skule der fellesskapsverdiane får stadig mindre plass. Men læring skjer ikkje først og fremst i einerom, men i møte og samspel mellom menneske. Og høgreskulen legg ikkje vekta på dette samspelet, men på einskildeleven sine rettar og planar. Klarast ser vi dette gjennom at skulen sin grunnstein, klassen, er på veg ut. Klassen, der elevane har heimebasen sin, eksisterer ikkje lenger i norsk skulelov (sjølv om det no har blitt populært å seie at det ikkje er forbode med klassar), – og det gjer heller ikkje klassestyraren, – no handlar det om basisgrupper og kontaktlærar.

Mange former for fellesskap forvitrar i samfunnet vårt. Individualisering og kortvarige, uforpliktande relasjonar tar over for varige og forpliktande fellesskap. Høgre greip sjansen då dei hadde han og pressa denne utviklinga også inn i skulen. Sett ut frå Høgre sin ideologi var dette ganske forståeleg. Det som er langt vanskelegare å forstå er at ingen tar eit ideologisk oppgjer med denne verdirevolusjonen i skulen. Dei raud-grøne partia synest å vere heilt utan vilje til og ute av stand til å gjere noko med den egotenkinga som er på veg inn i skulen.

Den politiske venstresida har framfor alt vore talsmann for samhald, fellesskap og solidaritet i samfunnet. I dag administrerer dei innføringa av Høgre sin individualiserte skule, fullstendig utan reservasjonar. SV sine skulepolitikarar er fulle av lovord om Høgre sine framlegg når det gjeld skule, men er heilt blanke når det gjeld å kome med eigne framlegg tufta på venstresida sin ideologi. Denne handlingslamminga og ansvarsfråskrivinga frå dei raud-grøne si side er ikkje mindre enn tragisk med tanke på framtida til den norske skulen.