Laga film om mobbing
Elevar ved helsefag på Øyrane vidaregåande skule har laga film om mobbing. Filmen ”Følg med” er meint å treffe ungdom gjennom sosiale media.
Elevane har teke utgangspunkt i kompetansemåla for helsefagarbeidarutdanning. Målet har vore å lage ein film som kan vere eit supplement i arbeidet mot mobbing i oppvekstsektoren, skriv Fjordabladet.
Elevane i 2. klasse ved helsefagarbeid på Øyrane vidaregåande skule meinte at ein film laga av unge – for barn og unge – ville vere måten å gjere det på. Rikskjendisar og idrettsprofilar som Niklas Vindel (Paradise Hotel), Eirik Bakke (Sogndal fotball) og Freddy dos Santos (Vålerenga) er nokre av dei som har vorte intervjua i filmen.
For å nå måla med filmen, fann ein å måtte tenkje stort!" skriv prosjektansvarleg Harald Wiken i ein rapport. Filmen hadde eit totalbudsjett på 46 000 kroner. Den fekk økonomisk støtte frå Vardar for Folkehelse, Førde kommune og Øyrane vidaregåande skule. Filmen vil bli brukt av fylkeskommunen.