Læring påverkast frå mange hald

"Alle gode krefter må bidra: arbeidsgivere og arbeidstakere, skoleverket, kommuner, foreldre og elever. Læring foregår ikke bare i skolen." Eg syns det er kloke ord.

Altfor lenge har skulen i Norge vore "nedsnakka" og tukla med av politikarar og myndighetar. Det er på tide at skulen får tilbake den respekten den fortjener. For å få til dette må det ein felles innsats, for det er nå ein gong slik at ingen av oss lever i eit vakum, men me påverkas av mange ulike fraksjonar i samfunnet.

Når ALLE skal meine noko om skulen og fråta skulen eigenverdet som læringsarena så mistar skulen og ansatte der trua på det dei held på med. Heldigvis syns eg dette er i ferd med å snu og skulen kjempar for eigenverdet sitt. Frå fullstendig misforstått skulepolitikk på 80 og 90-talet er me på rett veg sjølv om PISA resultata denne gongen ikkje er så gode som me hadde håpa på.

No må skulen og lærarane få ro til å arbeide med læring og pedagogikk. Føresatte må oppsede og hjelpe ungane sine til å vise ansvar, gjere lekser og innsjå at ein ikkje tryllar fram læring, men at læring faktisk kjem av innsats. Myndigheitane må gi lærarane tid til førebuing og pedagogisk arbeid.

Fleire vaksne inn i skulen og sterkare innsats på lågare trinn må også til. Fleire timar er ikkje naudsynt, men betre utnyttelse av dei timane som allereie er der må til. Kanskje også ei omdisponering av timane. Sjå mot Finland,- dei får det til og timetalet er ikkje høgare enn i Norge. Dei har 9 år i grunnskulen slik me hadde før og videregåande er delt i allmenn og yrkesretta… Lærarane der har hatt den same læreplanen i fleire tiår….