11.000 lærarar har søkt vidareutdanning

Over 11.000 lærarar har søkt om å ta vidareutdanning neste skoleår. Det er like mange som i fjor.

Publisert Sist oppdatert

Det viser nye tal frå Utdanningsdirektoratet.

– Mange lærarar har stått på for elevane, og gjort ein formidabel jobb under koronakrisa. Difor gler det meg ekstra mykje at mange også ser framover og søkjer om vidareutdanning. Det vil gje oss enda fleire lærarar med solid kompetanse i faga dei underviser i. Det er viktig for å få elevane til å lære og meistre meir, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) i ei pressemelding.

I 2015 gjekk eit flertall på Stortinget inn for nye kompetansekrav for lærare i norsk, matematikk og engelsk. Innen 2025 må alle lærarar som underviser i matematikk, engelsk eller norsk i barneskolen må ha minimum 30 studiepoeng. I ungdomsskolen må dei ha minst 60 studiepoeng i dei same faga.

Kravene fekk tilbakevirkande kraft, slik at over 30.000 erfarne, utdanna lærarar plutseleg vart utan nødvendig kompetanse i faga.

– Prioriter matte, norsk og engelsk

Sidan 2014 har 40.000 lærarar fått tlbod om videreutdanning. Men dei siste tala viser at 21.000 lærarar framleis ikkje har tilstrekkeleg kompetanse i norsk, matematikk og engelsk i grunnskolen.

– No er det viktig at skoleeigarane godkjenner søknadene, slik at lærarane kan gå vidare i opptaket til dei enkelte vidarautdanningstilboda. Kommunane bør særleg prioritere lærarane som ennå ikkje oppfyller krava til å undervise i faga matematikk, norsk og engelsk, seier Melby.

Les også: Korona hindrar ikkje vidareutdanning for lærarane

Ho legg til at det og er viktig å gi lærarar moglegheit til å fordjupe seg i andre fag, som til dømes dei praktiske og estetiske faga. Mangelen på lærarar med fordjuping er særleg stor i fag som mat og helse og kroppsøving.

Halvparten fekk søknaden innvilga

I fjor fekk halvparten av lærarane som søkte om vidareutdanning søknaden innvilga.

Da var det i alt 11.296 søkarar. 7.876 fekk søknaden godkjent av skoleeier. Av desse ble 5.775 til slutt søknaden godkjent av Utdanningsdirektoratet.

Det meinte Utdanningsforbundet (UDF) var urovekkande få.

– Lærarar er motiverte for å auke kompetansen sin, noe arbeidsgjevarar både politiske og administrativt bør verdsette. Det kommer elevane til gode. Det er dramatisk om lærarar som er "avskilta" ikkje får tatt dei studiepoenga dei manglar. Kompetansekrava har vi, da må alle få mogeleg til naudsynt vidareutdanning, sa sentralstyremedlem i UDF, Siri Skjæveland Lode til Utdanningsnytt den gongen.

Flest har søkte matematikk

Da søknadsfristen gjekk ut 1. mars i år hadde 1877 lærarar søkt om vidareutdanning i matematikk, 1656 i engelsk og 1509 i norsk.

Blant dei andre fagområda er det tre som peikar seg ut:

  • Profesjonsfagleg digital kompetanse og programmering har fått inn 1370 søknadar.
  • Spesialpedagogikk har fått over 1000 søkarar. Fordjuping i faget vil styrke arbeidet med tidleg innsats og inkluderande opplæringsmiljø i skolen.
  • Andrespråkspedagogikk har fått 520 søknadar.
Powered by Labrador CMS