Korona hindrar ikkje vidareutdanning for lærarane

95 prosent av lærarane som tok vidareutdanning våren 2020, sa dei ville fullføre studiane. Dei fleste var nøgde med kvaliteten på nettundervisninga.

Publisert

Det viser ei undersøking frå NIFU som blei publisert i dag.

– Det er veldig bra at over ni av ti lærarar seier dei vil fullføre vidareutdanninga dei er i gang med sjølv om smittesituasjonen gjer det meir utfordrande. Dette viser at mange lærarar er motiverte for fagleg påfyll, og at utdanningsstadene har gjort ei god jobb med å tilpasse undervisninga, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby i ei pressemelding.

Sidan mars er all undervisning blitt nettundervisning for lærarane. 82 prosent av deltakarane seier dei er nøgde med kvaliteten på undervisning, men mange seier dei sakna dei fysiske treffa.

Fleire må ha fordjuping innan 2025

I 2015 vedtok stortinget at frå 1. august 2025 må alle lærarar som skal undervise i engelsk, matematikk, norsk, norsk teknspråk og samisk på barneskolane har minimum 30 studiepoeng i desse faga. Ungdomsskolelærarar må ha minst 60 studiepoeng for å undervise i de same faga.

Vedtaket fekk tilbakevirkande kraft, og vekte store reaksjonar bland lærarane.

Sidan skoleåret 2015-16 har 40.000 lærarar fått tilbod om vidareutdanning. Men enno er det mange sm underviser i fag dei ikkje har fordjuping i, viser tal frå Utdanningsdirektoratet.

– Gode og kvalifiserte lærarar er det viktigaste for elevane og deira læring. Derfor er det viktig at kommunane prioriterer vidareutdanning også framover. Det kan bli krevjande med smittesituasjonen, men samstundes har vi også fått meir erfaring som vi bør bruke i det vidare arbeidet med vidareutdanning, seier Melby.

Les også: Då Arbeiderpartiets programkomité la fram sitt forslag til nytt partiprogram forrige veke, var reversering av avskiltingsvedtaket eit av deira viktigaste forslag.

Powered by Labrador CMS