Det var
Liv Mathisen (10) sin første tanke då ho fekk vite at ho på sin nye skule ikkje
skulle gå i klasse med tvillingsøstera Siri.
Dei hadde
nettopp flytta – frå Mosjøen i nord til Bjørkelangen i søraust. Men første
skuledag på den nye heimstaden vart vanskeleg. Då familien fekk beskjeden om to
klasser, begynte Liv å gråte.
Siri
berre rista litt.
– Eg
tenkte at dette må eg tole, seier Siri Mathisen (10).
Rektor ved Bjørkelangen skule svarar at dei alltid vil vurdere kva som er best for den enkelte, men ser at rutinane deira ikkje kan ha vore godt nok følgde i saka til Siri og Liv. Les heile tilsvaret nederst i saka.
–
Mange foreldre får sjokk
Har
fleirlingar jamt over godt av å få byggje opp sine eigne liv, med ein
klasseromsvegg imellom seg? Eller bør dei få vere saman heile tida?
Desse
spørsmåla opptar fleirlingforeldre over heile verda, ifølgje Trude Karlsen
Molvik, generalsekretær i Tvillingforeningen. Kvar august når ho er tilbake frå
ferie, får ho sin fylle hyre med å svare på telefonar og e-postar frå foreldre.
Silje Pileberg
– Mange
får sjokk når skulane og barnehagane startar og dei oppdagar at barna deira
blir skilde, seier Molvik.
Ifølgje
Anne Mari Torgersen, professor emerita i psykologi ved Universitetet i Oslo,
var det rundt 1970-talet vanleg at fleirlingar gjekk i same klasse på skulen.
Så, på 1980- og 90-talet, begynte ein å skilje dei med ein tanke om at dei
skulle få utvikle identiteten sin. Tidleg på 2000-talet vart mange skular meir
fleksible igjen.
Ifølgje
Molvik finst det framleis foreldre som meiner at skulane ikkje høyrer på dei.
Andre tar kontakt året gjennom fordi dei er usikre på kva som er best.
– Vi veit
at det finst skular som er fleksible. Men vi veit også at det finst skular som
har ein fast praksis, med anten å skilje fleirlingar eller halde dei saman. Dei
som har dette, gjer det nok fordi dei trur at det er det beste for barna.
Eit
uforklarleg band
Liv og
Siri Mathisen er nesten alltid saman. Dei liker den same musikken, den same
maten. Dei liker å ake, sykle, spele slåball, byggje Lego.
Og då dei
var spedbarn, levde Liv sine to første veker med hjernebløding utan at nokon
skjønte det. Ho overlevde så vidt. Ifølgje foreldra var det berre kroppsvarmen
til Siri som klarte å stanse gråten hennar.
– Dei har
eit band mellom seg som eg ikkje klarer å forklare. Eg trur ikkje bandet blir
svakare dess eldre dei blir, seier mor Caisa Mathisen.
På
Kulstad skole i Mosjøen var det berre éi – stor – klasse, men ho var delt i to
rom. I 2. klasse spurte læraren om han kunne få setje jentene på kvar sitt rom.
Mora sa motvillig ja, mot at dei kunne endre det viss dei ønska.
– Liv
lener seg litt på Siri. Læraren ville at ho skulle bli utfordra på å klare seg
meir sjølv. Vi forstod kva han ville fram til, men dei hadde jo vore i lag
sidan dei vart fødde, fortel Caisa og pappa Jon-Arne Mathisen.
Liv og Siri med lillebror Elias og foreldra Jon-Arne og Caisa Mathisen.Foto: Silje Pileberg
Det viste
seg å gå bra. Jentene leita kvarandre opp i friminutta, og viss dei ikkje fann
kvarandre, leika dei med nokon andre.
Ho og
faren hadde meldt inn eit ønske til den nye skulen om at jentene skulle få gå
saman. Dei hadde ikkje fått nokon lovnader. Likevel vart dei overraska då dei
første skuledag fekk beskjed om at Siri skulle til 5B og Liv til 5C.
– Dei
fleste barn må starte i ei klasse åleine. Kvifor skal fleirlingar få
spesialbehandling?
– Eg vil
ikkje kalle det det. Den tilknytinga dei har, er ikkje noko dei fleste barn
har. Dei har ein person som alltid har vore med dei, og plutseleg blir den
personen riven bort.
I same klasse eller ei?
Grunnar
til å separere:
Merk at
nokon ting kan vere eit tema eitt år, men ikkje eit anna.
• Fleirlingane er alltid saman og
dette hindrar utvikling av sosiale evner
• Det er ei tydeleg arbeidsfordeling
• Fleirlingane blir stadig samanlikna
og den eine føler seg utilstrekkeleg
• Fleirlingane får ei uheldig,
dominerande åtferd saman eller utnyttar situasjonen negativt
• Den eine forstyrrar den andre
• Den eine eller begge/alle saknar
privatliv
• Jente/gut: jenta overbeskyttar
broren
• Fleirlingane ønskjer å bli
skilde
Grunnar
til same klasse:
• Store påkjenningar, som skilsmisse,
flytting eller dødsfall
• Berre eitt klasserom er tilgjengeleg
• Ulike undervisingsmetodar i
klassene, slik at fleirlingane får ulik utdanning
• Fleirlingane ønskjer ikkje å bli
separerte. Tvungen separasjon, spesielt i første skuleår, kan føre til stress,
til at barna blir sette tilbake i utvikling og til at sjølvkjensla blir
påverka.
Kjelde:
Icombo.org
Reddare barn i kvar si klasse?
Ein
studie av professor Lynn Melby Gordon i 2015 tyda på at 7 av 10 rektorar i USA
meinte at tvillingar burde bli separerte allereie i barnehagen. Dei ville då
gjere det betre akademisk, og dei ville også bli meir uavhengige, meinte
rektorane.
Lærarar,
foreldre og tvillingbarn som var med i same studie, var ikkje like sikre.
Rektorane får heller ikkje støtte i forsking, ifølgje ei oppsummering av den
canadiske forskaren Gabrielle Garon-Carrier og kollegaer.
Derimot
har enkelte studiar tyda på at tvillingar som tidleg blir delte, i
fem-seks-sjuårsalderen kan oppleve meir frykt, sosial tilbaketrekking og fleire
somatiske problem enn dei som går saman. Andre studiar finn ingen slike
skilnader.
Meir
konsentrerte i same rom
Garon
Carrier og kollegaene fann i sin eigen studie frå 2022 ingen teikn til at
skilde tvillingar opplever meir frykt. Studien, som følgde 560 tvillingpar i
Canada over tid, fann derimot at
tvillingar som delte klasserom, i
periodar var mindre sosialt tilbaketrekte
dess fleire år dei gjekk saman, dess
mindre fysisk aggressive var dei som tolvåringar
tvillingar som delte klasserom, var
litt meir like i åtferd enn andre
dei som delte klasserom som
tolvåringar, var mindre distraherte og hadde betre merksemd enn dei som var
skilde
Ifølgje
forskarane er mykje usikkert. For eksempel kan ein spørje seg om tvillingar som
er litt aggressive, fortare blir plasserte i ulike klasser i utgangspunktet.
Kanskje
spelar det også inn at studien er canadisk, og ikkje frå USA, ifølgje
forskarane. I USA er det nemleg fleire politiske føringar for skular sin
fleirling-policy, medan ein i Canada ofte vel den løysinga som familiane
ønskjer. Kanskje kan ei slik open tilnærming halde frykta unna?
Foto: Silje Pileberg
Lett å
gløyme tvillingrelasjonen
Det finst
verken enkle svar eller flust av studiar. Tvillingforeningen har følgjande råd
til skular:
– Ver
fleksible og vurder alle fleirlingar kvar for seg. Snakk med foreldre og
barnehagen. For nokre barn er det godt å bli skilde, andre kan kjenne seg
tryggare med fleirlingen sin i rommet, seier Trude Karlsen Molvik.
Ikkje
alle skular har fleire klasser på trinnet. Viss ein då ønskjer å dele, kan ein
vurdere ulike grupper, foreslår ho. Men ho påpeikar samtidig at
individ-tankegangen står sterkt i Noreg.
– Vi
gløymer lett at tvillingrelasjonen også kan påverke barna positivt.
Ifølgje
Anne Mari Torgersen kan fleirlingar gje kvarandre ei heilt spesiell støtte
livet igjennom.
– Men
visst det er teikn til at dei er svært avhengige av kvarandre, noko ein
spesielt kan sjå hos einegga, kan det like fullt vere lurt gradvis å finne
måtar å skilje dei litt på. Dei vil kunne støtte kvarandre likevel, meiner
Torgersen.
Annonse
Mindre
krangling om venner
Etter tre
månader på Bjørkelangen skole, fortel familien Mathisen at det har gått
overraskande bra. Både Liv og Siri har fått nye venner. Spesielt godt kjende
har dei blitt med eit anna einegga tvillingpar som er delt i 5B og 5C.
– Er
det noko som er bra med å gå i ulike klasser?
– Ja, at
vi slepp å krangle om venner, seier Siri.
– Er
det noko som ikkje er bra, da?
– At eg
ikkje får vere med søstera mi i timane. Din tur, Liv!
– Det var
bra at vi hadde same venner i Mosjøen. Det som ikkje var bra, var at vi
krangla, seier Liv.
– Og
kva tenkjer du, Liv, er bra med å gå i ulike klasser?
– Det er
ikkje bra å gå i ulike klasser.
Éin
fordel ser Liv likevel: Det er ikkje så mange som blandar henne med søstera
lenger.
– Eg
hadde blitt lei viss vi gjekk i same klasse og blei blanda heile tida!
Slik
handterer skulane til Siri og Liv tvilling-dilemmaet.
Både
Kulstad skole i Mosjøen og Bjørkelangen skole prøver å finne den beste ordninga
for kvar enkelt.
– Ingen
sett med fleirlingar er like, og vi vil alltid vurdere kva som er best for den
enkelte. Vi har overføringsmøte med barnehagane, og viss det trengst, snakkar
vi også med foreldra, seier rektor Marit Reiholm-Hoel ved Bjørkelangen skole.
Då Siri
og Liv Mathisen begynte på skulen hausten 2024, hamna dei i kvar si klasse utan
at familien ønskte det. Det er Reiholm-Hoel lei for å høyre, då skulen har
rutine på god dialog med foreldra til nye elevar, spesielt fleirlingar.
– Etter å
ha undersøkt saka, ser vi at rutinane våre ikkje kan ha vore godt nok følgde.
Vi har ikkje hatt den dialogen med foreldra som vi skal ha. Då er det fint å
sjå at det har gått bra for jentene, seier ho.
Lagar nye
klasser på 5. trinn
Skulen
kan alltid endre på klassene viss noko ikkje fungerer, og i 5. klasse blir
klassene sette saman på nytt. Då kan det skje at skulen foreslår å skilje
fleirlingar som har gått saman fram til då.
– Vi har
ofte sett at éin tvilling passar på den andre, for eksempel ved å følgje ekstra
med i timen eller hjelpe den andre med lekser. Då har vi erfart at dei kan bli
meir sjølvstendige og tar fleire eigne val viss dei går i kvar si klasse.
Viss
skulen foreslår dette, er foreldra ofte samde, ifølgje Reiholm-Hoel.
– Men vi
har også hatt fleirlingar i same klasse frå 1. til 10. trinn fordi foreldra og
skulen tenkjer at dette er beste løysinga.
Fleksibilitet
i Mosjøen
Ved
Kulstad skole, der Liv og Siri Mathisen var elevar før dei flytta, er det rundt
40 elevar på kvart trinn. Skulen har berre éi klasse på trinnet, fordelt på to
rom. Kven som sit kvar, kan endre seg ut frå pedagogiske omsyn.
– Ein
slik fleksibilitet fungerer bra, både for tvillingar, trillingar og andre
elevar. Då kan vi gjere endringar viss ting ikkje fungerer, seier rektor Tor
Gunnar Årnes Nordhøy.
Trinnet
der Liv og Siri var elevar, hadde heile fem tvillingpar. Då desse skulle starte
i første klasse, varierte foreldra sine ønske.
– Nokon
tvillingar finn tryggleik i å vere saman, andre kan bli hemma av det. Her kan
lærarane ha sine idear om kva som er best, men dialogen med foreldre
kjempeviktig, seier Nordhøy.