Katastrofal seniorpolitikk
Seniortiltak må vere reell letting av arbeidsbøra. Tiltaka må sjølvsagt kome så tidleg at dei treff. Når dei fleste er ute av yrket før dei er 54 år, må tiltaka i alle fall setjast inn frå det året læraren er 50, skriv innsendaren av dette innlegget.
Korleis i alle dagar kan ei fagforeining leve med slike tal? Eg kan gjerne og spørje korleis ein arbeidsgjevar kan leve med dette? Det finst vitterleg ei arbeidsmiljølov som seier noko om eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø.
Eit yrke med så stor grad av uførepensjonering i tidleg alder, må vere uforsvarleg slitande. Eg konstaterer og at seniortiltaka i læraryrket er sørgjeleg små, og at dei kjem lenge etter at flesteparten av yrkesutøvarane har måtta slutte i yrket.
Vi som arbeider i skulen kjenner på kroppen alle effektivitetstiltaka i seinare tid, - nedskjering på nedskjering kjem. Det einaste som ser ut til å auke, er undervisningstida og tilstadeveringsplikta til lærarane. Det er jo flott seniorpolitikk!
Tida er overmogen for å krevje at både arbeidsgjevar og våre eigne tillitsvalde tek eldre lærarar på alvor. Vi må krevje tiltak som fører til reell letting av arbeidsbøra vår. Vi som arbeider på "klasseromsgolvet" veit at det i første rekkje må bety færre undervisningstimar, - utan konvertering til andre oppgåver.
Eg gjentek: Seniortiltak må vere reell letting av arbeidsbøra. Tiltaka må sjølvsagt kome så tidleg at dei treff. Når dei fleste er ute av yrket før dei er 54 år, må tiltaka i alle fall setjast inn frå det året læraren er 50. Skal ein makte å kome ut av uføret, må tiltaka vere omfattande. Det vil seie fleire timar mindre undervisningstid per veke.
Vi lærarar vil gjerne kunne stå i jobben til vi når pensjonsalderen, - og opptene full pensjon. Vi krev tiltak som gjer at det vert mogleg for yrkesgruppa vår, og utfordrar både arbeidsgjevar og fagforeining.