Kartleggeren – det nye "Columbi egg"- eller keiserens nye klær?

Kommunen har kjøpt inn programmet GM Unik frå Grieg Multimedia/Fagbokforlaget. Som IKT-ansvarleg har eg sett litt på programmet, og eg vil komme med nokre synspunkt her.

Programmet baserer seg på den kjende DrillPro-serien med tilleggsprogram. Det nye er "Kartleggeren", eit kartleggingsprogram som kan brukast for å kartlegge elevar frå 5. klasse til 1. Klasse på videregående skole i norsk, engelsk og matematikk. Med bakgrunn som norsklærar er det dette faget eg kommenterer.

Eg trur programmet kan vere nyttig for elevar med stor trong for øving av rettskriving og lesefart, men eg reagerer på marknadsføringa som presenterer dette som eit unikt program for alle.

Nokre sitat frå eigenreklamen:

Gevinstområdene:

  1. Lærerne og skolene frigjør mye tid og krefter.
  2. Lærerne får flotte redskap for kartlegging, utarbeidelse av individuelle arbeidsplaner og forslag til tilpasset undervisning for hver enkelt elev.
  3. Gode, varierte ressursoppgaver i basisfagene.
  4. Øker IKT-kompetansen til lærerpersonalet.
  5. Øker IKT-kompetansen til elevene.

"I disse tider med stort fokus rundt IKT-satsing i skolene, vil vår pakke være et godt steg på veien for å nå det målet. Her får man et veldig konkret hjelpemiddel som fokuserer på noe av det viktigste i skolen: Kartlegging av elever og hjelp til å gi elever individuell tilpasset undervisning. Når det også frigjør lærerne for mye tid og krefter, blir det ikke stort bedre."

Noko av gevinsten kjem av at Kartleggeren genererer automatiske individuelle arbeidsplanar (IAP) for elevane, der dei skal arbeide vidare med oppgåver frå dei andre programma i serien.

Desse IAP-ane er temmeleg omfattande, og skal elevane gjere alle oppgåvene, vil dei bruke lang tid. Dette vil då gå ut over andre emne i faget. Eg såg på førtestane for 5. og 8. klasse. Oppgåvene måler lesefart, rettskriving, memorering av enkle fakta i ein tekst og ordforståing. Når reklamen hevdar at programmet dekkjer grunnleggjande basiskompetanse i faga norsk, engelsk og matematikk, så la oss sjå kva dette dreiar seg om for norskfaget sin del.

I Kunnskapsløftet er det 34 kompetansemål etter 7. klasse. Eitt av desse måla er at elevane skal kunne: mestre ortografi, tegnsetting, variert ordforråd og bruk av ulike setningskonstruksjoner.

Kartleggeren måler ortografi og delvis variert ordforråd, altså eit halvt kunnskapsmål av 34.

Vurderingsskjemaet for vurdering av skriftleg eksamen i norsk i 10. klasse har 22 punkt for kjenneteikn på måloppnåing. Berre to av desse, ortografi under Formelle ferdigheiter og variert ordforråd under Språk, vert testa i Kartleggeren. Det er såleis langt igjen til ein kan hevde at Kartleggeren måler meir enn nokre få prosent av grunnleggjande basiskompetanse i norskfaget og at den sikrar at skolane gir ei undervisning "i tråd med Opplæringslovens intensjoner." (sitat frå programmet si heimeside)

Når meir enn 2000 skular likevel nyttar programmet, og ein etter litt Googling kan finne ut at mange skuleigarar i planverket sitt krev at skulane nyttar Kartleggeren både vår og haust i tillegg til andre lese- og skrivetestar og nasjonale prøver, meiner eg det er grunn til å spørje om dette testregimet verkeleg sikrar kvaliteten på undervisninga og elevane sine rettar.

Kjelder: http://griegmultimedia.no/?dokument=2005-03-18.10:46:01.txt

http://www.udir.no/upload/Eksamen/Grunnskolen/2008/NOR0017_norsk_vurderingsskjema_nn.doc

http://www.udir.no/templates/udir/TM_Læreplan.aspx?id=2100&laereplanid=710976