Sverige: Inflasjon i høge karakterar

Gjennomsittskarakterane til svenske elevar stig, men resultata i nasjonale målingar er ikkje blitt betre. Somme meiner det skyldast kommersialiseringa av skolane i Sverige.

Publisert

Gjennomsnittskarakteren har gått opp i alle fag dei siste sju åra. I fleire fag har auken vore så høg som fem prosent.

Problemet er at dette skjer samstundes med at resultata frå PISA-resultata og nasjonale prøver ikkje er betra. Dessutan får stadig fleire elevar lågaste karakter.

Det er bladet «Läraren» som skriv om dette.

Konklusjonen er difor at det har vore eit frislepp av gode karakterar.

– Det har vore ei betring av karakterane utan at det har vore ei betring av det karakterane skal måle, seier Jonas Vlachos, professor i nasjonaløkonomi, til Läraren.

Karakterar på børs

Usemja går på kvifor.

Ein rapport frå Skolverket i 2019 viste at i private skolar fekk niandeklassingane, tilvarande norske tiandeklassingar, gjennomsnitt 2,5 prosent betre karakterar enn det dei nasjonale prøvene ga grunnlag for. 20 prosent av elevane på dette trinnet gjekk i private skolar.

Linnea Lindquist, rektor ved den kommunale Hammarkullsskolan i Göteborg, meiner inflasjonen er ein direkte konsekvens av at skolekarakterar er blitt eit konkurransefortrinn for børsnoterte selskap.

Delt skole

Ho viser til at det er barna til høgt utdanna foreldra som har fått betre karakterar. Karakterane til barna til dei lågtutdanna ligg der dei låg i 2015.

– Skolen blir stadig meir delt. Foreldre og elevar veit kvar dei kan få dei beste karakterane, og privatskolane vil ha skoleflinke elevar frå akademiske heimar. Dei kommunale skolane får elevane til dei foreldra som ikkje har utdanning ut over grunnskole. Vi ser at delinga av elevar etter dette mønsteret blir sterkare år for år, seier Linnea Lindquist.

Glade

Også Jonas Vlachos meiner at dei private skolane deler ut det han kallar «gledekarakterar» i større grad enn dei private. Men han meiner skilnaden ikkje er særleg stor, og at også offentlege skolar pumpar opp karaktersnittet.

– Det er sterke krefter på lokalt nivå som driv karakterane i veret. Alle blir jo glade av høge karakterar; elevane, foreldra og skoleleiarane. Ingen lagar bråk når karakterane er gode, seier Jonas Vlachos.

Powered by Labrador CMS