Inga skolenedlegging i Nord-Trøndelag

Fylkesrådet i Nord-Trøndelag tilrår ingen skolenedlegging i fylket. Nedlegging av skolar i midtfylket har vore både diskutert og tilrådd.

Fylkesråd for utdanning i Nord-Trøndelag fylkeskommune, May Britt Lagesen, presenterte i dag på ein pressekonferanse i Steinkjer fylkesrådet si tilråding om skolestruktur. Fylkesrådet gjekk mot tilrådinga frå konsulentselskapet Norconsult, som etter å ha laga ein rapport tilrådde å leggje ned Leksvik vidaregåande skole.

Lagesen vedgjekk at denne skolen hadde eit elevtal som var på grensa til å vere kritisk lågt. Men ho viste til ideane om å samarbeide med Sør-Trøndelag fylkeskommune om ein ny, større skole i Vanvika, som kan ta imot elevar frå begge fylke. Ho gav inntrykk av at for Nord-Trøndelag sin del vil denne skolen kunne ta over mye av funksjonen Leksvik har i dag.

Lagesen leverte også ein sterk forsvarstale for Inderøy vidaregåande skole, ein skole mange har oppfatta som nedleggingstrua. Trass i å vere ein relativt liten skole tilbyr skolen både musikk, dans og drama. May Britt Lagesen slo fast at det skal vere tilbod om musikk, dans og drama i alle tre regionane i fylket. Dessutan viste ho til arbeidet med opprettinga av Inderøy kultur- og oppvekstsenter. Her skal grunnskole, kulturskole og vidaregåande skole samarbeide, ikkje berre om å dele lokale, men om pedagogikk og innhald.

- Dette arbeidet blir unikt, ingen andre i landet vårt er kome så langt i å planleggje slikt samarbeid, sa May Britt Lagesen.

Lagesen vedgjekk at Fylkeskommunen med å følgje dette vedtaket framleis hadde økonomiske problem. Men den økonomiske gevinsten med å leggje ned ein skole er svært liten. Dei økonomiske problema må handsamast saman med dei overordna måla for skolane i Nord-Trøndelag, som mellom anna er lågare fråfall.

I skildringa av korleis økonomien skal handterast brukte trekte ho fram fleire meir eller mindre konkrete omgrep og tiltak, som å ta i bruk ein «ressursfordelingsmodell», og å «effektivisere tilbodsmodell».

Fylkestinget gjer vedtak i saka 5. desember.