Inderøy framleis truga
Inderøy vidaregåande skole er fortsatt truga av nedlegging, ifølgje Trønder-Avisa. Men Leksvik er freda.
Avisa seier på sine nettsider ikkje kor dei har desse opplysningane frå.
Det var stor spenning til rapporten om skolestruktur i vidaregåande skole i Nord-Trøndelag som Norconsult la fram 24.oktober. Rapporten var laga på oppdrag av Nord-Trøndelag fylkeskommune, og oppdraget var å foreslå innsparingstiltak. Det er venta at elevtalet i fylket vil gå ned.
Leksvik eller Inderøy vidaregåande skole var peikt ut som nedleggingstrua. Rapporten tilrådde å stenge Leksvik.
«Trønder-Avisa vet at man nå har bestemt seg for å frede Leksvik videregående. Men langt mer usikkert er det for Inderøy», skriv avisa på sine nettsider. Avisa seier ikkje kva dei byggjer på.
17.november var det fakkeltog på Inderøya til støtte for skolen Steinkjer-ordførar Steinkjer-ordfører Bjørn Arild Gram var blant dei frammøtte.
I morgon vil fylkesråd for utdanning og kultur, May Britt Lagesen, leggje fram si innstilling om framtidig skolestruktur. Saka blir avgjort først i desember