Arbeidarpartiet vil bruke 175 millionar meir på lærlingtilskot enn det regjeringa legg opp til. Det vil truleg auke tilskotet per elev med drøyt 3000 kroner i året. Arkivfoto: Utdanning
Arbeidarpartiet vil bruke 175 millionar meir på lærlingtilskot enn det regjeringa legg opp til. Det vil truleg auke tilskotet per elev med drøyt 3000 kroner i året. Arkivfoto: Utdanning

Arbeidarpartiet vil auke lærlingtilskotet

– Nokon stor auke er det jo ikkje, seier leiaren for opplæringskontoret i Nord-Helgeland om at Arbeidarpartiet vil bruke 175 millionar meir på lærlingtilskot enn det regjeringa legg opp til.

Publisert

Arbeidarpartiet vil i alt bruke 300 millionar meir enn regjeringa på yrkesfag. Dette kjem fram i framlegget frå partiet om alternativt statsbudsjett. Partiet kallar det alternative budsjettframlegget ei historisk statsing på yrkesfag.

– Eit stort problemet i yrkesfagopplæringa er mangelen på læreplassar. Veit de at det problemet kan løysast med høgare lærlingtilskot til verksemdene?

– Vi veit at halvparten av verksemdene har sagt at høgare tilskot er viktig for at dei skal ta inn lærlingar, seier stortingsrepresentant Martin Henriksen til Utdanning.

– Så for mange verksemder er dette viktig, men altså ikkje for alle, seier han, og held fram:

– Vi trur at betre kontakt mellom skulane og næringslivet vil kunne gi fleire læreplassar. Det vil styrke erkjenninga av at læreplassar er eit felles samfunnsansvar. Difor ønskjer vi praksisplassar i næringslivet for elevane også i åra før læretida, og har sett av 20 millionar til det, seier Henriksen.

 

Liten auke

– Kva tyder ein auke på 175 millionar for læringstilskotet? Utdanning spør leiar for opplæringskontoret i Nord-Helgeland, Elling Myren. Han nyttar tal for Rana kommune, og grovreknar:

– Mellom 3000 og 3500 kroner per lærling per år, svarar han.

– Er det nok til å skape fleire lærlingeplassar?

– Det vil representerer ei positiv utvikling, og alle monner drar. Men nokon stor auke er det jo ikkje. Lærlingetilskotet per elev vil auke frå 141.566 kroner til 145.066, seier Myren, som gjentek at utrekninga hans er grovrekning.

I ettertid er Utdanning blitt gjort merksam på at 175 millionar i realiteten vil vere for eit halvår. For eit heilt år vil tilskotet da, iføljge grovrekningane frå Rana, bli det doble. (Red.anm.)

 

Seriøse verksemder

–  Å få fleire læreplassar er avhengig av andre viktige tiltak som ikkje står i statsbudsjettet, understrekar Martin Henriksen.

– Det er dei seriøse verksemdene som tar inn lærlingar. Vi må hindre at dei useriøse, som til dømes baserer seg på sterk bruk av bemanningsbyrå, konkurrerer ut dei seriøse, understrekar han.

 

Utstyrspakke

Den nest-største posten i yrkesfagsatsinga er 100 millionar til ein utstyrspakke. Grunngivinga er at mange skolar har utstyr som er utdatert i yrkeslivet. Det gjer utdanninga mindre relevant enn han kunne vore.

Dessutan vil Arbeidarpartiet bruke 20 millionar til grunnutdanning for lærarar som arbeider i vidaregåande men ikkje oppfyller krava for fast tilsetjing.

 

Valkamp

– Korleis vil de manøvrere dette fram politisk?

– Det er dette vi skal gjennomføre når vi tar over regjeringa neste år!

– Så dette er valflesket de startar valkampen med?

– Nei. Venstre og Kristeleg Folkeparti må forhandle budsjett med sittande regjering, så vi kan ikkje manøvrere oss fram i direkte samarbeid med dei. Men vi vonar naturleg vis at desse innspela kan inspirere inn i den debatten dei har, seier Martin Henriksen.