Aps Marianne Aasen meiner at studiefinansieringa bør bli knytt opp til grunnbeløpet i Folketrygda Foto. Erlend Aas / NTB scanpix
Aps Marianne Aasen meiner at studiefinansieringa bør bli knytt opp til grunnbeløpet i Folketrygda Foto. Erlend Aas / NTB scanpix

Utval i Arbeidarpartiet vil betre studiefinansieringa

- Studiefinansieringa bør bli knytt opp til grunnbeløpet i Folketrygda, sa Marianne Aasen da ho i dag presenterte framlegg om ny politikk for forsking og utdanning for Arbeidarpartiet.

Publisert

- På det viset vil ein sikre at studiefinansieringa følgjer lønns- og prisutviklinga elles i samfunnet, argumenterte ho.

Marianne Aasen har leia arbeidet med framlegget til ny politikk. Målet er at delar av framlegget skal inn i partiprogrammet og i det store og heile danne grunnlaget for det politiske arbeidet i partiet på dette feltet.

Utvalet er også opptatt av at studentar som får barn i studietida må støtte, og elles at ta betre omsyn til ulike studentgrupper enn i dag. Helsetiltak til studentar må bli betre, ikkje minst de førebyggjande tiltaka.

Det offentlege bør sikre at studentbustadane har ein dekkingsprosent på tjue prosent av studentgruppa, heiter det vidare.

Leiar i Norsk Studentunion (NSO) Marianne Andenæs, var til stades på tilstellinga i Oslo der Marianne Aasen overleverte framlegget til leiinga i Arbeidarpartiet. Ho var nøgd med fleire av framlegga. Men ho etterlyste ei tydelegare binding mellom grunnbeløpet i Folketrygda og studiefinansieringa.

- Norsk Studentunion krev ei studiefinansiering tilsvarande ein og ein halv gong grunnbeløpet i Folketrygda, sa ho.

 

Powered by Labrador CMS