Håvard var sterk og klok
Landet vårt er prega av sorg. Uforståelig terror ramma regjeringskvartalet og Utøya 22. juli.
Tankane våre går til dei som har mist ein far eller ei mor, ein son eller ei dotter, ei søster eller ein bror, ein ven eller ein kjæreste. Vår medkjensle går også til dei medelevar og lærarar som startar opp det nye skuleåret med tomme pultar i klasserommet. Det vert ein tung start på eit nytt skuleår.
Vi har mist ein ven og ein tidlegare samarbeidspartnar. Vi møtte og vart fort kjende med Håvard Vederhus då han vart vald til leiar av elevorganisasjonen i 2008. Håvard var sterk og klok, rakrygga og modig, omsorgsfull og morosam, reflektert og godt førebudd. Han hadde alltid eit smil og eit godt humør som var smittande. Han var brennande oppteken av elevane si sak og ein engasjert leiar. Likeverd og inkludering var viktig for Håvard. Han var løysingsorientert og forstod at elevane ville tene på eit godt samarbeid mellom Elevorganisasjonen og Utdanningsforbundet. I samarbeid fekk vi til konkrete, gode resultat i fleire saker.
Vi kjem alltid til å hugse Håvard som den flotte ungdommen han var. Han var eit politisk talent som landet vårt kunne hatt god bruk for i åra som kjem. Han hadde så mykje å gje andre. Meiningslaus terror tok han og mange andre unge menneske frå oss.
Vi ynskjer med dette å uttrykke vår medkjensle med Håvards familie og alle venene hans. Vi skal aldri gløyme han og det han kjempa for.
Helga Hjetland og Per Aahlin