Halvorsen møter Gnist i Hordaland
Kunnskapsministeren Møter Gnist Hordaland i dag som ein del av ein nasjonal kampanje for å rekruttere lærarar.
I 2020 kan det koma til å mangle 2000 lærarar i Hordaland, og under besøket i Bergen i dag møter Kristin Halvorsen Gnist Hordaland, som er ein del av ein nasjonal kampanje for å rekruttere lærarar.
– Gode førskulelærarar og lærarar i barnehage og skule gjer ein viktig forskjell for barn og unge i heile landet. Vi treng endå fleire, og eg håper at vi skal få mange gode søkjarar til førskulelærar- og lærarutdanningane, seier Halvorsen ifølgje fylkesmannen.no.
Gnist Hordaland deltek med eigen stand på utdanningsmessa i Grieghallen 9. og 10.februar. Lærarstudent og medlem av arbeidsutvalet i Gnist Hordaland Anders Kvernmo Langset venter godt besøk når dei skal stå på stand på utdanningsmessa.
– Føremålet er å profilere læraryrket og utdanningane. Elevar frå heile regionen får møte alle lærarutdanningane samla på éin plass, og kan stille spørsmål om alt dei måtte lure på, seier Langset.
Fylkesmann Lars Sponheim vil vera til stades på GNIST-standen mellom klokka 10 og 11 på fredag 10. februar.