Ventar eit krafttak for nynorsk i skulen
Noregs Mållag ventar at Kunnskapsdepartementet tek eit krafttak for nynorsk i skulen.
– I budsjettframlegget frå Kunnskapsdepartementet er nynorsk og nynorskelevane knapt nemnt. Dette burde vore eit tydelegare satsingsfelt, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding.
Han seier at dei ventar at Kunnskapsdepartementet tek eit krafttak for nynorsken i skulen.
–Ei betre nynorskundervisning i grunnskulen og vidaregåande skule krev klarare prioritering frå Kunnskapsdepartementet, seier Håvard B. Øvregård. Han peikar på at problemstillinga knapt er nemnt i budsjettdokumentet.
Mållaget meiner at det for nynorskelevane i grunnskulen og vidaregåande skule er svært viktig at Kunnskapsdepartementet brukar sine ressursar på ein slik måte at kommunane gjev dei god undervisning på nynorsk, læremiddel på nynorsk og oppdaterte og kompetente lærarar.
Han forventar også at Kunnskapsdepartementet stiller klare krav til korleis fylkeskommunane kjøper inn bøker til vidaregåande skule.
– Noregs Mållag meiner det er avgjerande at Kunnskapsdepartementet, allereie i statsbudsjettet, gjer det heilt klart at det ikkje vert betalt ut midlar til ulovlege læremiddel. Dette vil seie læremiddel som berre er tilgjengeleg på bokmål, seier Øvregård.
– For å sikre nynorskelevane god nok undervisning er det avgjerande med god lærartettleik. Vi støttar Utdanningsforbundet sine reaksjonar om lærartettleik, der dei tek til orde for eit minstetal på lærarar i klasserommet både i grunnskulen og i vidaregåande opplæring, seier Håvard B. Øvregård.
Noregs Mållag har sjølv motteke i overkant av 3,6 millionar kroner i støtte frå Kulturdepartementet for å styrke nynorsk skriftkultur på alle felt, og er takksame for denne løyvinga. I Kulturdepartementet sitt budsjettframlegg er ein særleg nøgd med auka løyvingar til Det Norske Teatret for prosjektet Det Multi Norske / Den Mangfaldige Scenen, Nynorsk kultursentrum for etablering av Olav H. Hauge-senter, og Jærmuseet for drift av Garborgsenteret.