Forum for nynorsk i skolen er skipa

Utdanningsdirektoratet har skipa eit forum for nynorsk i skolen med deltaking frå mange av dei viktigaste institusjonane for nynorsk, melder direktoratet.

Representantar frå Noregs Mållag, Språkrådet, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Nynorsk Kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Litteraturselskapet Det Norske Samlaget deltok på skipinga i går.

Forumet er ikkje eit forvaltningsorgan med formell avgjerdsmakt, men ein arena for gjensidig informasjon og samarbeid for å utvikle eit meir heilskapleg grep om nynorsksatsinga i skolen.

- Dei reelle rettane som elevane har skal ligge til grunn for arbeidet med nynorsk i skolen, seier direktør i Utdanningsdirektoratet, Petter Skarheim.

– Vi hamnar ofte i heilt unødvendige diskusjonar om rettane for elevar som nyttar nynorsk som hovudmål. Dette bør ikkje vere eit diskusjonstema.

Forumet skal særleg arbeide med tiltak og prosessar retta mot elevar som har nynorsk som hovudmål, og tiltak for å betre haldningane til nynorsk som sidemål.

- Vi skal konsentrere oss om læring og innovasjon og vere framtidsretta. Eg trur direktoratet vil ha stor nytte av forumet, som huser mange av dei mest sentrale institusjonane for nynorsken, seier Petter Skarheim på nettstaden til direktoratet.

(fhn)