Gratulerer, kjære lærar
Mandag 5. oktober er Verdas lærardag og kravet frå verdas lærarorganisasjonar i år er”Bygg framtida: Invester i lærarar no!”.
Kravet høver i Noreg som ei viktig påminning før regjeringa legg fram nytt statsbudsjett.
Utdanning er den beste byggjesteinen for eit samfunn som slit økonomisk. Det er Noreg sjølv eit historisk døme på. Utdanningsforbundet meiner det er viktig at Noreg går føre og viser veg: økte offentlege budsjett til utdanningsføremål er ein nøkkel for å hjelpe samfunn ut av den globale økonomiske krisa.
Diverre kan ein allereie sjå sjølv i OECD-land i Sentral- og Aust-Europa at utdanningsbudsjett og lærarlønningar lir under djupe økonomiske kutt. I eit så nært land som Latvia er lærarløningane kutta med 50 prosent. Det er alarmerande, uttaler Utdanningsforbundet på sin nettstad.
Feirer læraren
I Bosnia og Hercegovina er dagen i dag vanleg arbeidsdag, sjølv om det er undervisningsfri på skulane.
Sjølv om elevane har fri, feirar dei lærarane med oppvisningar, konsertar og andre arrangement. Årets feiring vil også vere prega av demonstrasjonar i nokre regionar fordi finanskrisa trugar lønns- og arbeidsvilkåra.
18 millionar
For å nå Tusenårsmålet til FN om utdanning for alle innan 2015, trengs 18 millionar lærarar. Då er det naudsynt med tilstrekkjeleg store offentlege investeringar og krav frå det internasjonale pengefondet (IMF) om låg inflasjonsrate må ikkje vere til hinder for å nå måla.
TALIS-undersøkinga viser at Noreg manglar 30 prosent kvalifiserte lærarar, at lærarane ynskjer meir etterutdanning og ei betre fagleg oppfølging. Det er viktig å ivareta den positive haldninga som lærarane har til jobben. Bygg framtida: Invester i lærarar no!
Invester i utdanning
Den siste utgåva av OECD’s rapport Education at a Glance seier at investeringar i utdanning er klok strategi når økonomien er i krise, men diverre syner den same rapporten ei dreiing bort frå offentleg finansiering og mot privat investering i utdanning, særleg for born under skulealder og studentar i høgare utdanning.
Det trur ikkje Utdanningsforbundet er ein klok strategi: Å investere i utdanning er et sosialt og moralsk imperativ som er heilt nødvendig for ha og utvikle demokrati. Bygg framtida: Invester i lærarar no!
Feira i 15 år
Verdas lærardag 5. oktober har vore feira over heile verda sidan 1994. Dette er merkedagen for at UNESCO/ILO i 1966 underskreiv rekommandasjonen om lærarane sin status. Sidan signeringa av rekommandasjonen for lærarar i høgare utdanning i 1997, har heile lærarstanden rett til å feire seg sjølve. Utdanningsforbundet nyttar dagen til å få offentleg merksemd om kva rolle lærarar verda over spelar i born og unge si kvardag og korleis lærarane er og kan gi støtte og von om ei betre framtid.
Vi siterer Fred van Leeuwen, generalsekretær i Education International:
“For å kunne møte den økonomiske krisa er det avgjerande at regjeringar investerer i offentleg utdanning for å bygge og utvikle kunnskapsøkonomien. Det inneber at dei investerar i kvalifiserte lærarar.”