Gift II
Kor mange gonger kan ein sidemålslærar gjennomgå nynorsk substantivbøying? For meg er det nesten blitt sjølve symbolet på eit uendeleg tal.
Eg har den lagnaden her i verda å vera sidemålslærar. Eg underviser dei som har nynorsk som sidemål. Ikkje at eg skal gjere meg til talsmann for ei svak eller utsett gruppe og samanlikne meg og mine yrkesbrør og -systrer med krigsseglarar, tyskerungar eller oljearbeidarar med øydelagd helse, men eg trur snart sidemålslærararane kan klassifiserast som yrkesskadde.
Når ein les så mykje ugreitt som sidemålslærarar gjer, kan ein lett få vondt i hovudet eller beint fram dra på seg eit vedvarande tungsinn.
At lærarkvardagen av og til gjev høve til pessimisme, skjønar nok dei fleste – det blir mykje gjentaking av ting ein eigentleg trudde at elevane hadde lært. Men i arbeidet med sidemålet er dette sett heilt på spissen. Det er inga grense for kor lite ein skuleelev kan lære når det gjeld sidemål. Nynorskparodiane til Harald Heide Steen blir for ingen ting å rekne samanlikna med elevtekstar anno 2007.
Høyr berre: ”Dei fleiste beistemødre veit ikkje korsleik man bruker ein datamaskin.” ”I går sjådde eg på TV, kvem kveit kva jeg skal gjøre i kveld.” Ikkje sjeldan kan det beint fram vere vanskeleg å slå fast om ein elevtekst er skriven på bokmål eller nynorsk!
Kor mange gonger kan ein sidemålslærar gjennomgå nynorsk substantivbøying? For meg er det nesten blitt sjølve symbolet på eit uendeleg tal. Tre hovudreglar og eit par unntak – det dekkar omtrent alt ein treng å vite om substantiv på nynorsk. Men den som trur at ein gjennomsnittleg elev lærer dei fem reglane på seks skuleår – tre på ungdomsskulen og tre på vidaregåande – tek feil. Nokre av elevane kan nok reprodusere ein regel eller tre, men dei tek seg ikkje bryet med å følgje dei same reglane neste gong dei skriv ein nynorsktekst.
Kva anna slike reglar kan brukast til, kan ein jo berre spekulere i. Andre stader, til dømes i retten, får ein merkelappen ”varig svekte sjelsevner” om ein er så uimottakeleg for lærdom at ein ikkje greier å lære fem enkle reglar på seks år. Men på skulen krummar vi nakken, grip tak i ”Spynorsk mordliste” og rallar i veg med substantivbøying: -ar og -ane, -er og –ene...
Som ei lita trøyst plar eg å tenkje på prestane, særleg prestane før i tida, i barokken til dømes. Søndag etter søndag var det å klemme i veg med dei 10 boda, dei same 10 boda kvar einaste søndag. Men trøysta er mager, prestane slapp unna med repetisjonsøving kvar søndag, medan eg må i ilden mest kvar einaste dag. Og dessutan kunne prestane i barokken true med evig helvete, medan eg i høgda kan true med at elevane kanskje ikkje får jobb som saksbehandlar i staten om dei ikkje lærer seg nynorsk.
Er skuleelevar dummare enn før? Vi veit nok svaret. Nokre elevar er nok tungnæme, men ikkje så tungnæme. Det er ikkje der problemet ligg. Nei, dei lærer jo både det eine og det andre, elles. Nei, det er nytteverdet dei tenkjer på. Er det lettare å få jobb om eg kan nynorsk? Neppe, seier ungdomen. Er det lettare å ta lappen, lettare å få seg kjærast? Finst det nynorske sjekketriks, spør ungdomen.
Nei, svarar den same ungdomen. Nynorsken kan ikkje brukast til noko. Ungdomen kappast beintfram om å finne døme på kor lite nyttig nynorsk er. Det skal i det heile godt gjerast å finne noko som er mindre nyttig enn nynorsk.
Kvifor gjer vi noko så vonlaust år ut og år inn. Når ein tenkjer på kor mykje
sidemålsundervisninga kostar kvart skuleår, kan det bedriftsøkonomiske tungsinnet brått bli mørkare enn det språklege. Det er nok ikkje mange av postane på statsbudsjettet ein får så lite igjen for.
Og kor lenge vi skal halde fram med vonløysa? Eg hadde nær svara som sidemålseleven: ”Kvem kveit?” Det finst jo både offisielle og uoffisielle grunngjevingar, og eg har servert dei alle med stort alvor i klasserommet: Skal du jobbe i staten, må du kunne svare på begge målformer. Nynorsk er ein viktig del av den norske kulturarven. Lærer du deg nynorsk, har det truleg overføringsverd til anna språklæring.
Men nei, alt dette må eg visst gå lenger ut på landet med – og då kan eg like gjerne ta med nynorsken på same turen, for det er på landet nynorsken høyrer heime og det er i høgda der han kan brukast til noko, seier elevane mine.
Nei, ikkje veit eg. Men ein ting veit eg: Det er ikkje fyrste gongen norske skuleelevar må pugge ”unyttig” lærdom. Ein norsk skulegut døydde beint fram av det ein gong. Han sleit òg med substantivbøying: ”Mensa rotunda”, sa lille Marius og døde. Ungdomen no til dags leikar ikkje med livet på den måten. Då får heller nynorsken døy, tenkjer ungdomen. Eller kanskje norsklæraren – i alle fall mentalt, tenkjer eg.
Innspelet sto i Utdanning nr. 10/07.
Som bildetekst til bildet av artikkelforfatteren skrev vi at "Jacob Westersund kjem med harde utfall mot nynorsk i det siste nummer av Utdanning". Westersund har bedt oss fjerne bildeteksten, da han mener at teksten er feilaktig.
- Jeg kommer med diverse påstander om elevenes nivå i nynorsk og deres mangel på motivasjon for faget. Nynorsken i seg selv sier jeg ikke et vondt ord om, og kommer neppe noen gang til å gjøre det helle, skriver Westersund i ei e-postmelding.