Vestland fylkeskommune kan redusere kostnadane til vidaregåande opplæring ved å leggje opp til at færre elevar tek yrkesfag, foreslår direktøren for opplæring og kompetanse.

Fylkesdirektør vil kutte budsjett ved å kutte yrkesfagelevar

Fylkesdirektør for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune Bjørn Lyngedal vil spare pengar ved å få fleire elevar på studiespesialisering.

Publisert

"Yrkesfagtilbodet er generelt meir kostnadskrevjande enn studieførebuande tiltak", skriv Lyngedal i eit framlegg til hovudutvalet for opplæring, ifølgje Klassekampen.

"Ei mogeleg tilpassing av reduksjon i ramma for opplæringstilbodet vil difor kunne vere å dreie tilbodsstrukturen slik at fylkeskommunen tilbyr fleire plassar til studieførebuande enn yrkesfag, samanlikna med dagens struktur", siterer avisa frå fylkesdirektørens framlegg.

Vestland fylkeskommune må spare fleire hundre millionar kroner.

Elevane: - Steg i feil retning

Leiar for fylkeslaget til Elevorganisasjonen i Vestland, Signe Margarete Krüger Birks, meiner dette er eit steg i feil retning

- I ei tid med mangel på fagarbeidarar må vi byggje opp statusen til fagutdanning og fagbrev. Vi gjer det omvendte med dette tiltaket, seier Birks til Utdanningsnytt.

Ho er sjølv lærling i tømrarfaget og fortel at da ho begynte på yrkesfag, fekk ho høyre at ho kasta bort dei gode karakterane sine.

- Mange som begynner på ei fagutdanning, endar opp på påbygg i studiespesialisering. Der slit dei ofte med å måtte lære mye teori på kort tid. Er det ikkje betre at fleire begynner rett på studiespesialisering?

- Nei. Eitt av problema er rådgivinga i både ungdomsskole og vidaregåande. I dag blir dei som ikkje heilt veit kva dei vil, råda til studiespesialisering. Dei burde tatt fagutdanning. Da får dei betre sjanse til å justere kursen etter to år om dei ikkje har velt det rette.

Krysse mellom yrkesfag og studiespesialisering

- Samtidig burde vi gjere det lettare å krysse mellom yrkesfag og studiespesialisering. Nordahl Grieg vidaregåande skole har eit spennande opplegg for det, og slike ordningar bør vi få meir av. Dei er gull verdt, seier Signe Margarete Krüger Birks

- Det er meir fråfall på yrkesfag enn på studiespesialisering. Er det ikkje logisk å satse på dei elevane som gjennomfører?

- Eg har hatt klassekameratar på yrkesfag som gjerne ville hatt realfagsmatte, men det gjekk ikkje. På studiespesialisering kan dei velje kva slags matte dei vil ha. Yrkesfagselevar er mange og ulike, men vi bli sette i ein og same bås. Meir individuell tilnærming hadde vore eit viktig tiltak mot fråfall.

-Mange veit heller ikkje at lærlingar har rett på det same skolehelsetilbodet som elevar på skolen. Det er berre eitt døme på at vi bør sjå meir på systemet rundt eleven om vi vil få ned fråfallet på yrkesfag, seier Birks.

Elevleiaren understrekar at ho sjølv har likt seg på skolen og klart seg bra.

- Men tre år med klasserom kva dag, det hadde eg aldri klart, seier Signe Margarete Krüger Birks.

Les også: Dei fleste elevane søkjer yrkesfag

Framlegget møter motbør

Til Klassekampen seier både fylkespolitikar Emil Gadolin frå Arbeidarpartiet, rådgivar i LO Jonas Bals og leiar i Utdanningskomiteen på Stortinget Roy Steffensen frå Frp at dei av ulike årsaker ikkje meiner forslaget frå fylkesdirektøren er eit godt forslag.

I tillegg til å kutte i yrkesfag foreslår Bjørn Lyngedal også å slutte med kostnadskrevjande liner som musikk, dans og drama.

Powered by Labrador CMS