Møre og Romsdal: Mistillit til KS og i tvil til Staten

Årsmøtet i UDF Møre og Romsdal har ikkje tillit til KS. Men om ei overføring til staten som forhandlingsmotpart er eit godt alternativ, er dei i tvil om.

– Erfaringane etter 10 år med KS som forhandlingsmotpart er dårlege. Svært dårlege. Frå lokallaget i Giske kommune ønskjer vi difor å fremje eit tydeleg mistillitsforslag mot KS, sa lokallagsleiar og delegat Håvard Moe under årsmøtet i UDF Møre og Romsdal torsdag.

– Vi har vore i streik fleire gonger de siste åra. Det toppa seg sist sommar. Vi har tal som viser at svært mange lærarar no vurderer å skifte jobb. Frustrasjon over arbeidsgjevar og motpart KS er ein viktig årsak til dette. Det kan ikkje halde fram slik! Vi treng ikkje eit KS som ikkje vil oss vel! tordna Håvard Moe, og fekk dagens kraftigaste applaus frå møtelyden.

Debatten viste at frustrasjonen og harmen i høve til KS framleis er sterkt til stades, men fleire innlegg peikte på at det kan hende er verken realistisk eller ønskjeleg å gå tilbake til staten som motpart.

Fylkesstyret hadde innstilt på at saka vart sendt over til landsmøtet for debatt, utan ytterlegare vedtak, men tolka undervegs salen slik at det var  nødvendig med eit vedtak som reflekterte stemninga i årsmøtet. Etter at redaksjonskomiteen hadde jobbe fram eit forslag, var følgjande vedtak gjort mot 1 stemme.

«Årsmøtet i UDF Møre og Romsdal uttrykkjer mistillit med KS som forhandlingsmotpart for lærarane. Spørsmålet om kor forhandlingsansvaret skal liggje, sendast som sak til Landsmøtet 2015.»

Powered by Labrador CMS