Færre droppar ut – rekordmange fullfører vidaregåande

Aldri før har så mange elevar i vidaregåande fullført utdanninga.

Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at andelen elevar som fullfører vidaregåande skule aukar. Av elevane som starta i 2012, hadde 74,5 prosent fullført innan fem år, melder NRK.

Til samanlikning var det 70,6 prosent av elevane i 2008-kullet som hadde fullført etter like mange år.

Det betyr at på fire år år har talet elevar som fullfører vidaregåande skule auka med fem prosent. Det er det beste resultatet sidan målingane starta.

– Arbeidet som skulane har gjort for å hindra fråfall, har gitt resultat, seier leiar i oppfølgingstenesta i Hordaland, Cecilie Øvstedal til NRK.

Statistikken syner ein jamn vekst i talet på elevar som fullfører.

  • Talet på elevar som fullfører har auka jamt sidan 2007. Tala frå 2012-kullet er det høgaste nivået sidan målingane starta, med ei auke på 1,5 prosentpoeng frå året før.
  • Delen som fullfører og består er høgare blant elevar som tar studieførebuande utdanningsprogram (88 prosent), enn blant elevar som tar yrkesfaglege utdanningsprogram (60 prosent)
  • Flest fullfører og består i Akershus med 80 prosent, medan færrast gjer det i Finnmark med 61 prosent.
  • Delen som fullfører og består yrkesfaglege utdanningsprogram er høgast i Rogaland, Vest-Agder og Akershus
  • Alle fylke har auka delen som fullfører og består frå 2006- til 2012-kullet. Sogn og Fjordane har hatt lågast auke, men har likevel tredje høgast fullføringsandel. Størst auke har det vore i Finnmark og Troms.

 

Powered by Labrador CMS