Fråfall i vidaregåande skole i Rogaland er litt mindre, men den nye politiske leiinga vil ha fråfallet enda lågare. Foto: Inger Stenvoll

Mindre fråfall har høgast prioritet i Rogaland fylke

– Fem parti er samde om at å fortsette arbeidet for betre læringsmiljø i vidaregåande skole i Rogaland, seier Solveig Ege Tengesdal, (KrF).

Publisert Sist oppdatert

Ho er nå påtroppande leiar for opplæringsutvalet i Rogaland fylkeskommune.

Etter valet i 2015 vart ho fylkesordførar. Fylkesordføraren blir nå Marianne Chesak frå Arbeidarpartiet, etter at Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Venstre og Miljøpartiet vart samde om å styre Rogaland saman.

Marianne Chesak (Ap) sa i januar at hun vil åpne for elektronisk varsling om mobbing ved videregående skoler.

Mobbeombodet

– På skolefeltet er vi blant anna samde om å styrke mandatet til mobbeombodet og elev- og lærlingeombodet, og ser dette som ein del av å betre læringsmiljøet på skolane, seier Tengesdal, og viser til undersøkingar som viser at det framleis er utfordringar knytta til læringsmiljø.

– Å få ned fråfallet skal framleis ha høgste prioritet. I løpet av siste fylkestingsperiode har vi fått ned fråfallet i vidaregåande skole. Av elevane som begynte på skolen i 2012 var det 2,2 prosent fleire som hadde fullført skolen etter fem år enn av dei som begynte i 2011. På landsstatistikken over lågt fråfall har Rogaland rykka opp frå 7. plass til 4. plass, seier ho.

Skoleleiarar og opplæringssjef i Rogaland fylkeskommune har sagt at dei håper karakterane i orden og oppførsel blir skrota for godt.

Styringskamerater: F.v: Kjartan Alexander Lunde (V), Solveig Ege Tenesdal (KrF), Alexander Rügen-Raustein (MDG), påtroppande fylkesordførar Marianne Chesak (Ap) og Arne Bergsvåg (Sp). Foto: Daniel Rayner, Ap.

Ikkje kommersielle skolar

Det er og semje blant dei fem partia om å ikkje opprette private kommersielle vidaregåande skolar. Men for KRF har det vore viktig å få med at friskolar på religiøst eller pedagogisk grunnlag er eit viktig supplement til den offentlege skolen.

– Så er vi einige om at vi skal ha fritt skoleval. Men det standpunktet gjer at vi må finne løysingar som sikrar at elevar må bytte skole mellom første og andre klasse når dei ikkje har gode nok karakterar til å halde fram der dei har starta. Eit slikt bytte er ikkje i tråd med intensjonen om godt skolemiljø og lågt fråfall, seier Solveig Ege Tengesdal.

Vidare vil politikarane ifølge den fellles politiske plattforma styrke utdanninga innanfor det dei kallar «grøn omstilling». Profesjonsfridom for lærarane blir understreka.

– Men Arbeidarpartiet sitt krav frå valkampen om leksefri vidaregåande skole vart det ikkje semje om?

– Det er ikkje med i det politiske grunnlaget, seier Solveig Ege Tengesdal.

Det nye styre i Rogaland fylkeskommune er samde om at dei ikkje vil ha kommersielle skolar. Kongsgård skole i Stavanger frå 1200-talet er offentleg. Foto: Alf Ove Hansen
Powered by Labrador CMS