Forbyr sosiale medium

Elevane ved Sandefjord vidaregåande skole får ikkje bruke Facebook eller Twitter på skulen. Snart kan dei andre skulane i fylket følgje etter.

Studierektor ved Sandefjord vidaregåande skole, Anne Britt Smestad, seier til NRK Vestfold at bruken av desse sosiale media gjorde det vanskeleg for elevane å konsentrere seg.

– Vi meiner skolen først og fremst skal brukast til skulearbeid, seier ho.

Dette er eit prosjekt som vert leia av Vestfold fylkeskommune. Konstituert direktør for utdanning i Vestfold, Torbjørn Nygaard, trur dei andre vidaregåande skulane i fylket vil innføre liknande forbod i løpet av det komande halvåret.

Fylkesutdanningssjef Jan-Helge Atterås i nabofylket Buskerud har eit heilt anna syn på bruk av sosiale medium i skuletida.

– Sosiale medium er i stadig utvikling. Mykje kan òg brukast i opplæringa, seier Atterås til Drammens Tidende.

På dei vidaregåande skulane i Buskerud kan lærarane stenge somme sider i løpet av ein undervisningstime, og fylkesutdanningssjefen meiner lærarane sjølv må få avgjere om elevane skal kunne gå inn på desse sidene i undervisningstida.