Frå og med neste skuleår skal elevane ved Nordfjord folkehøgskule ikkje bruke fly på turar til utlandet. Foto: Chell Hill, Wikimedia Commons

Nordfjord folkehøgskule droppar flyreiser

Nordfjord folkehøgskule har gjort eit medvite val: Ingen internasjonale flyreiser. Elevane skal reise med buss, tog eller båt.

– Vår siste tur til Indonesia går om 14 dagar. Neste skuleår blir det inga reise dit, fortel Per Momrak til Vårt Land.

Han er avdelingsleiar for friluftsliv ved Nordfjord folkehøgskule i Sogn og Fjordane.

Skulen har gjort eit medvite val: Ingen internasjonale flyreiser. Elevane skal reise med buss, tog eller båt.

«Det skal vere mogleg å vere elev hos oss og ikkje fly ein einaste gong i løpet av året, verken på skuleopplegg eller på reiser til og frå heimen din», skriv rektor Hildegunn Gjesdal Tennebø på skulens heimeside.

– Frå og med neste skuleår skal me ikkje bruke fly på turar til utlandet, seier Momrak.

Det betyr at dei som til dømes skal til Frankrike, reiser med tog.

Me vil lære elevane våre til å sjå at Norge har umåteleg mykje å by på

Per Momrak, avdelingsleiar for friluftsliv ved Nordfjord folkehøgskule

– Me vil lære elevane våre til å sjå at Norge har umåteleg mykje å by på, og som er betre enn å reise utanlands. Før reiste me på skiturar til Alpane. No reiser me dit det er mykje snø, fortel friluftslivsleiaren: – Snør det i Røldal, reiser me dit, snør det i Oppdal, reiser me dit. Og det er garantert betre enn å bestille ei reise til Alpane og ikkje vere sikra snø.

– Fleire skular bør gjere som Nordfjord

– Utruleg bra at Nordfjord har gjort dette valet. Det er eit viktig klimaval. Fleire bør gjere som Nordfjord, for dagens folkehøgskular brukar altfor mykje fly, seier Gaute Eiterjord, leiar i Natur og ungdom.

Han meiner folkehøgskulane har eit stort klimaansvar, for dei møter store grupper med unge kvart år, og kan med det vere med og prege haldningar.

Eit sveip gjennom studiekatalogane avdekkjer at mange skular freistar med liner som har mange lange, dyre og eksotiske reiser, skriv Vårt Land.

Døme på «flyreise»-liner er idrett: Australia; psykologi pedagogikk: Afrika; golf: Sør-Afrika og Tyrkia; crossfit: USA; friluftsliv: Kilimanjaro; sportmix: Maldivene og aikido, sverd og bogeskyting: Japan.

– Folkehøgskulane er sjølvstyrte

Andreas Melberg, dagleg leiar for Informasjonskontor for kristen folkehøgskole, fortel at temaet berekraft er mykje drøfta om dagen i folkehøgskulekrinsar. Men han vegrar seg mot å oppmode dei 32 folkehøgskulane som sorterer inn under hans paraply om å slå følgje med Nordfjord som seier nei til internasjonale flyreiser.

– Skulane er sjølvstyrte. Dette avgjer eigarane og dei som leiar skulane, seier han.

Nordfjord folkehøgskule er eigd av misjonsorganisasjonen Normisjon.

På spørsmålet om Nordfjord folkehøgskule vil miste søkjarar som følgje av flyvedtaket, svarar friluftsleiar Per Momrak slik:

– Me arbeider hardt for å fylle skulen kvart år, og me får elevar som er svært motiverte for å gå her. Me har tru på at unge vel oss fordi me har gjort eit medvite klimaval.

Powered by Labrador CMS