Flyktningbarn finn att kvardagen på skolen

Skolekameratar og lærarar er det beste i det nye livet til Ahman (9).

Publisert

Dette er hovedsaken i Utdanning nr. 3/2016.

Hele utgaven leser du elektronisk her

 

Mange barn utan opplæring

  • Ei undersøking frå Utdanningsdirektoratet viste at det i desember i fjor var 4700 asylsøkjarbarn i grunnskolealder i 170 av dei norske kommunane.
  • I 114 av desse kommunane hadde rundt 680 asylsøkjarbarn ikkje fått opplæring. Om lag 550 av desse igjen budde i akuttmottak.
  • Akuttmottak er mellombels mottak i hotell, campingplassar og liknande som vart oppretta da talet på asylsøkjarar auka sterkt nå i haust.
  • Sidan undersøkinga ikkje omfatta alle kommunar, og ikkje alle kommunane som var med i undersøkinga hadde svara, går UDI ut frå at talla på landsbasis for barn som ikkje får utdanning er mykje høgare.

 

 

Asylmottak i Farsund

  • Husebyparken statlege mottak, oppretta 2003, auka i 2015 til 180 plassar.
  • Asylmottak for einslege mindreårige lokalisert i Lista Flypark. Etablert i mars 2015 med 30 plassar. Har i løpet av 2015 auka til 142 plassar.
  • Eit akuttmottak med 150 plassar ved Åpta Camping vart etablert i desember 2015.
  • Farsund kommunestyre har vedtatt busetjing av 50 personar kvart år i perioden 2015–2017. Eventuelle gjenforeiningar av familiar kjem i tillegg.

 

Ahman Isa Omar, 9 år, har vakna klokka seks, sprotte opp og vore klar for skolen på to minutt kvar einaste av dei fire skoledagane sine her i landet.

Difor hastar Utdanning sine medarbeidarar opp den bratte Skolebakken, mot Farsund barne- og ungdomsskole, som tronar på toppen. Der starta Ahman og broren, Mohamed Isa Omar på 13 år, for fire dagar sidan. Ein månad tidlegare, 14. desember, kom dei til Farsund i Vest-Agder som asylsøkjarar frå Syria.

 

– Ei så lita gruppe er uvanleg

Avtalen var å møte brørne heime og så slå følgje opp bakken til skolen. Vi stilte i god tid i husværet i Farsund sentrum, i eit lite kvitt sørlandshus som Husebyparken statleg mottak disponerer. Men gutane var alt på veg til skolen. Mor, Juman Hasan, fortalde med litt engelsk og mykje kroppsspråk at ho ikkje hadde klart å halde på dei lenger.

Oppe på toppen tar vi endeleg att Ahman, som spring rundt i mørket på den snødekte og islagde skoleplassen med eit stort smil. Vi blir med han inn til Arna Haaland.

– Eg veit at mange lærarar er skeptiske til å få ansvar for heilt nye asylsøkjarar. Men dei burde få oppleve dette, seier ho, etter ei entusiastisk mottaking av både Ahman, dei fire andre elevane og Utdanning sine utsende.

Barn som kjem til Noreg, har rett til skole frå første stund, om det er truleg at dei blir i meir enn tre månader.

Vi er i det som dei på denne skolen kallar «innføringsgruppe». Elevane i dag er fordelt på andre til femte trinn. Men her skifter elevgruppene heile tida. Asylsøkjarbarn kjem, blir i lang eller kort tid, blir verande eller drar til andre kommunar. Dei lærer seg norsk og sluttar i innføringsgruppa. Skolen har tatt i mot barn frå asylmottak lenge. Husebyparken asylmottak vart oppretta i 2003, men auka talet på plassar i haust. Det er drive av Norsk Folkehjelp.

– Å ha ei så lita gruppe som nå er uvanleg, fortel Arna Haaland. Ho sender veteranen i gruppa, som både er eldst og har vore lengst i Farsund, ut for ei leseøkt med assistenten.

Sjølv konsentrerer ho seg om dei fire andre- og tredjeklassingane, som alle er arabiskspråklege. To har vore her i nokre månader, ein i nokre veker, og altså Ahman på fjerde dagen.

 

Mohamed Isa Omar har fått ei oppgåve som fengjer, sjølv om dette berre er fjerde dagen han arbeider med norsk språk.  Foto: Sondre Steen Holvik

Mohamed Isa Omar har fått ei oppgåve som fengjer, sjølv om dette berre er fjerde dagen han arbeider med norsk språk.  Foto: Sondre Steen Holvik

 

– Når dei kan lese, blir dei meir sjølvgåande

Alle fire sit med store smil og spente fjes, medan dei får trekke kvar sin gong frå sekken Arna har med seg. «Lue» seier ein og ser på fangsten sin.

– Lue, ja, seier Arna.

– Lueja, gjentek Ahman, og Arna slår seg sjølv over kjeften. Nå må ho lære Ahman at plagget ikkje heiter «lueja»

Alt ungane finn i sekken, er plagg det er lurt å ha på seg når det er så kaldt ute som nå. Kvart plagg blir snakka om, teikna og skrive på tavla.

Så skal barna slå opp på side 25 i leseboka. Ahman ser seg spørjande rundt, men dei andre er kjappe i fingrane og finn fram til rett side, medan Arna slår hendene saman.

– Vi har ikkje arbeidd med tal i det heile. Likevel kan dei det. Og det er dette skeptiske lærarar burde få oppleve: kor utruleg fort barna syg til seg lærdommen, kor entusiastiske dei er. Det er like overveldande kvar gong, seier ho.

Ahman er raud i kinna av iver når han saman med Arna og ein annan gut set saman klossar med bokstavar til ord på eit språk han ikkje kan. Han les orda høgt med stort glede: Sol, los, lue, ule.

– Når dei kan lese, blir dei meir sjølvgåande. Det er til dømes lettare å finne ut kva ting heiter, seier Arna, og viser ei lita, kopiert strekteikning av ein banan.

I høvelege stunder kan barna få fargeleggje slike teikningar. Da er det greitt at det står «banan» på baksida. Hugsar ikkje barnet ordet, er det berre å snu.

 

Elevane går òg i vanleg klasse

Arna Haaland geberdar seg rundt i klasserommet som ein mimekunstnar, veivar med armar og bein samstundes som ho pratar svært seint og tydeleg. Ho har ein klar plan for kvart minutt.

– Er det ein fordel å ha så små grupper som dette?

– Er elevane på nokolunde likt nivå, kan gruppene godt vere store. Da taklar eg greitt grupper med 15. Men det er vanskeleg når du har elevar som er komne så langt at dei meistrar ti til tjue nye ord kvar dag, samstundes som andre ikkje klarar meir enn to, seier ho.

Eitt av barna avsluttar timen med energisk bruk av blått fargekritt på kvitt ark. Arna fiskar etter ordet for det han teiknar, for ho har både snakka om og teikna «himmel» i timen. Guten ristar på hovudet og prøver å forklare med hendene, men til slutt må ein medelev tolke: Han teiknar sklie! Det er på tide å kome seg ut.

Barna kan vere i innføringsgruppa i inntil to år. Men frå første stund får dei også ein «vanleg» klasse som dei er saman med kvar dag.

– I tillegg er desse minste i skolefritidsordninga. Det kan vere vanskeleg for dei å forstå denne tre-delinga av dagen den første tida, seier Arna Haaland.

 

Nokre elevar får ansvar for dei nye

Ahman har tydeleg forstått friminutt. Vi heng på når han oppglødd kastar seg ut i snøen og prøver å demonstrere alle leikeapparata i skolegarden på ein gong for oss. Vi finn storebror Mohamed, som er snill og blir med på leiken, heilt til Dalia Al Wandawi dukkar opp. Ho er morsmålslærar i arabisk og kurdisk, og skal tolke for oss.

– Kva er det beste med å vere i Norge?

– Skolen, svarar båe gutane.

– Kva er det dummaste med å vere i Norge?

– Ingenting.

– Kva er best med skolen?

– Kameratane og lærarane, seier Ahman, og Mohamed er einig.

Han legg til at høgdepunkta etter tre skoledagar var å få sparke fotball og å ha musikktime.

– Korleis brukte de dagane i Farsund i vekene før de begynte på skolen?

– Vi spelte PlayStation og såg på TV. Det var ikkje så ille, seier Mohamed, og Ahman er einig.

Så vil Ahman leike meir, og Mohamed er også ferdigsnakka.

Men Arna Haaland kjem hastande over skolegarden med ei siste melding:

– Få med at elevane er svært flinke til å ta godt i mot dei nyleg komne asylbarna. Lærarane i klassane gir nokre elevar eit særskilt ansvar for dei nye, og så vekslar dei på, seier Haaland.

– Eg opplevde sjølv at barnet mitt vart invitert i bursdag andre dag på skolen, legg Dalia Al Wandawi til.

– Stadig blir eg imponert og rørt over engasjementet hos ungane for å ta vel i mot dei nye. Dei kan ta dei i handa og leie dei rundt, seier ho.

Vi har fått lov til å vitje Mohamed i hans innføringsgruppe òg. Når vi kjem inn der, få minutt etter at timen er begynt, er intensiteten til å ta på. Ungdommane sit djupt konsentrerte over kvar sine oppgåver. Også Mohamed, på sin fjerde skoledag, sit nøgd og oppslukt av ei oppgåve han ser ut til å meistre. Vi listar oss ut utan å spørje kva dei konkret held på med, vi vil ikkje uroe.

 

«Det aller viktigaste er eit varmt hjarte og eit ope sinn, saman med vissa om at ein utfører eit viktig samfunnsoppdrag»

 

– Vi endrar heile tida

Med desse opplevingane innanbords troppar Utdanning opp på rektorkontoret med ei av landets finaste utsikter. Herifrå ser Liv Landaas ut over fjord og hei, som i dag er bada i sol og pudra med snø. Sørlandet har kledd seg i galla for oss. Ungane vi har møtt, gneistrande av energi og læreiver trass opprivande opplevingar og ein krevjande situasjon; er dei òg eit slikt sjeldan glansbilde?

– Vi blir svært overraska når nyleg komne asylsøkjarbarn ikkje er lærevillige, seier Liv Landaas.

Læreviljen hos asylsøkjarane er som oftast svært stor, konstaterer rektor Liv Landaas. Foto: Sondre Steen Holvik

Læreviljen hos asylsøkjarane er som oftast svært stor, konstaterer rektor Liv Landaas. Foto: Sondre Steen Holvik

 

– Dei finst, naturlegvis, men det er så sjeldan at vi nesten gløymer det frå gang til gang, seier ho.

Skolen har tatt i mot barn frå asylmottak i mange år. Rektor konstaterer at lærarstaben ser på dette som noko dei meistrar.

– Det vanskelegaste er når familiar får avslag på søknaden og blir sendt heim. Ein morgon kjem ikkje barna til skolen. Da har politiet henta familien om natta, utan å varsle nokon. Dette kan vere store, godt integrerte barnefamiliar som har budd her i fleire år, og som vi kjenner godt. Vi aksepterer norsk lov og deltek ikkje støtte- eller protestaksjonar for familiar med avslag. Likevel gjer det skikkeleg vondt, seier Liv Landaas.

På det halvtanna året ho har vore rektor, har ho opplevd dette fire gonger.

– Også heilt nye elevar skal ha tid i vanleg klasse, i tillegg til innføringsgruppa, sjølv om dei ikkje kan noko norsk. Det kan vere vanskeleg for lærarane i dei vanlege klassane. Dei synest ikkje dei får gjort nok for barna i denne utfordrande tida. Men vi meiner at elevane lærer noko av berre å vere til stades i klassen frå første stund, seier ho.

– Kva er dei pedagogiske knepa for å få dette til?

Rektor smiler og ristar på hovudet:

– Det aller viktigaste er eit varmt hjarte og eit ope sinn, saman med vissa om at ein utfører eit viktig samfunnsoppdrag. Når det gjeld det organisatoriske, så endrar vi heile tida, i takt med at somme elevar får busetting andre stader, og nye asylsøkjarar kjem. Vi opprettar grupper, legg ned grupper og slår grupper saman på nye vis. Eg beundrar lærarane som tar alle endringane på strak arm.

– Så må eg fortelje at eg aldri har måtta gå inn i elevkonfliktar med rasistisk islett, avsluttar Liv Landaas.

Eg tenkjer på det siste medan eg sklir på hålka ned Skolebakken. For dei siste dagane har lokal-avisa Lister hatt fleire reportasjar om konfliktar og motstand mot asylmottaka i nabokommunen til Farsund, Lyngdal. Ifølgje avisa er lappar klistra opp på fleire offentlege stader der det står: «Refugees not welcome. Bring your families home, Destination Africa». «Vi vil heller ha ulv og villsvin i skogane våre enn dette pakket», siterer avisa frå eit folkemøte. Ordet går om valdtektsbrot frå asylsøkjarar, noko politiet seier dei ikkje har kjennskap til.

 

– Lag og organisasjonar er flinke til å følgje opp asylsøkjarane

– Vi har ikkje merka liknande her, seier Carol Røsvik, som arbeider i Husebyparken asylmottak, der gutane bur.

– Lag og organisasjonar er flinke til å følgje opp asylsøkjarane. Ungane kjem med i aktivitetar som turn og annan idrett, og foreldra i lokalbefolkninga tar asylbarna med når dei skal hente og bringe sine eigne barn. Dessutan har vi eit flott bibliotek der asylsøkjarane kan bruke mykje tid, fortel ho.

Vi møttest på kontoret til Carol Røsvik, og nå er vi på veg heim til mor til gutane. Asylsøkjarane i Husebyparken har husvære rundt omkring i kommunen. Dei fleste bur i sentrum, i små kvite bygardar av tre.

Juman Hasan tar i mot i andre etasje i bakgarden og viser inn i eit lite, enkelt husvære med kjøkken og bad, stove og to soverom. Ho peikar på fjernsynet og fortel at det er 25 år gammalt og at ho fekk det gratis i bruktbutikken. Vi får servert varmt bakverk med ostefyll som ho har laga til oss.

Juman Hasan understrekar at ho har det bra. Likevel kjem tårene fort. Med litt engelsk og hand-rørsler fortel ho at ho vil tilbake til Syria. Da dei drog, trudde ho at den femten år gamle dottera var drepen i eit bombeåtak. Men dottera lever. Gleda over det er stor, men det er også uroa for ei ung jente aleine i krig, kaos og lovløyse. Mor vil heim for å passe på jenta si, samstundes som ho vil vere i Farsund og ta hand om gutane.

Carol Røsvik fortel at norske styresmakter ikkje kan hjelpe ho tilbake, og Juman Hasan nikkar og tørkar tårene.

Farsund kommune gir vaksne asylsøkjarar 250 timar norskopplæring så raskt som mogleg. Andre stader får asylsøkjarane ikkje norskkurs før dei obligatoriske intervjurundane med representantar for styresmaktene er over. Ventetida på desse intervjua kan vere lang, somme tider opp mot eit år, ifølgje Røsvik. Juman Hasan må berre vente til neste kurs begynner, som er i starten av mars. Ho ser fram til det, sjølv om ho er uroleg over ein liten ting: må ho ha ryggsekk? Ho har forstått at gutane måtte ha det før skolestart. I lufta teiknar ho ei skulderveske, og ser spørjande ut. Carol Røsvik forsikrar at det går fint å kome på norsk skole med skulderveske, og Juman Hasan nikkar nøgd. Da er ho budd.

 

 

Aggressivt i Lyngdal

I Farsund har asylmottakarane blitt aksepterte. I nabokommune Lyngdal har stemninga vore meir aggressiv.

– Vi har hatt asylmottak for tre hundre asylsøkjarar i svært mange år, utan problem. Nå etablerer vi eit nytt mottak for 70 mindreårige. Under eit informasjonsmøte om dette tok det fyr, seier ordførar i Lyngdal, Jan Kristensen frå Høgre, når Utdanning ringer.

Utdanning har ringt for å spørje kvifor det er mykje meir strid om å ta imot asylsøkjarar i Lyngdal enn i nabokommunen Farsund. Ordføraren understrekar at tilhøvet var greitt, heilt fram til etableringa av det nye mottaket.

– Under informasjonsmøtet kom det fram ting som ikkje berre var knytt til asylmottaket, seier Kristensen, utan å vere meir konkret.

Likevel gir han tydeleg inntrykk av at han har reagert sterkt på orda som vart brukte om asylsøkjarane.

– Men utgangspunktet var eit asylmottak for mindreårige som skal plasserast 1,5 mil utafor sentrum, i ei grend der det berre er tre husstandar. Eg trur ikkje reaksjonane hadde kome dersom mottaket vart plassert i sentrum. Men i ettertid har vi fått høyre om hendingane i Köln og Stockholm, der menn med innvandrarbakgrunn har plaga kvinner. Dette, saman med ei endring i den norske opinionen, har ikkje betra tilhøva her, seier han.

Ordførar i Farsund, Arnt Abrahamsen frå Arbeidarpartiet, seier til Utdanning at han på ingen måte har registrert konfliktar i Farsund lik dei i Lyngdal. God kjemi og harmoni er ord han brukar om tilhøvet mellom asylsøkjarane og lokalfolket.

– Kvifor er det slik skilnad på nabokommunane?

– Eg trur det er viktig med profesjonelle drivarar av mottaka. Vi fekk mest over natta 150 mindreårige asylsøkjarar til ei lita bygd der det bur mellom 25 og 30 menneske. Det har gått heilt glatt. Frelsesarmeen driv mottaket, som held til på ein ferie- og kursstad som Det Norske Misjonsselskap eig. Dessutan er det viktig med tidleg informasjon, og å følgje opp informasjonen. Det går ikkje ei veke utan at ordførar eller rådmann er på besøk i eit mottak, seier han. 

Etter at ordføraren sa dette, og etter at Utdanning var i Farsund, har avisene Lister og Fædrelandsvennen i Kristiansand meldt at organisasjonen Soldiers of Odin har etablert seg i Farsund og Kristiansand. Talsmann Ronny Alte seier til båe avisene at organisasjonen vil patruljere i gatene i dei to byane for å verne kvinner mot overgrep. Organisasjonen har opphav i Finland og er klart innvandrarkritisk.

 

 

– Støtt opp om eit normalt liv

– Hjelp asylbarna med å vere vanlege barn og ungdommar, seier leiaren i Norsk senter for fleirkulturell opplæring, Sigrun Aamodt.

Det er det viktigaste rådet frå Aamodt til lærarar som skal ta hand om asylsøkjarar.

– Hugs at dei lengtar etter ein kvardag der dei gjer saker som er naturlege for barn og ungdom. Difor er dei oftast sterkt motiverte for skolearbeid. Men skolen må òg leggje til rette for leik og andre aktivitetar som høyrer til den alderen dei er i, seier ho.

På den måten kan barna ta att noko av identiteten dei har som person og individ, dei er ikkje berre asylsøkjaren, ifølgje Sigrun Aamodt.

 

 

Powered by Labrador CMS