Fire eller fem dagar skuleveke?
Dersom vi vaksne som arbeidstakarar hadde valet om å vera ein time lenger på jobb for så å få fri ein heil dag, kva hadde me valt? Eg trur mange med meg hadde valt å ha fri ein dag i veka. Hadde vi spurt barna vil eg tru mange av dei og hadde valt ein fri
Læreplanverket for den 10-årige grunnskulen seier at skulen skal støtte heimen i oppfostringa av ein ny generasjon og førebu dei på nye oppgåver i samfunnet. Foreldra/føresette har hovudansvaret for oppsedinga av eigne barn og må derfor ha medansvar i skulen.
I samband med at det totale timetalet har auka med eit par timar i veka har nok ein gong debatten om fem dagar skuleveke dukka opp. Eg har lite forståing for at elevar i 1. - 4. klasse skal gå fem dagar på skulen. Barn er mangfaldige så det som er til glede og nytte for einskilde kan vera eit problem for andre.
Fire eller fem dagar skuleveke handlar om, slik eg ser det, eit spørsmål om verdiar og barna sitt totale oppvekstmiljø. Mange foreldre har høve til, prioriterer og ser verdien av å ha ein dag heime med barna sine. Ein dag heime med barna gir mellom anna høve til uorganisert leik og samvere, rom for tid til kvarandre og ulike kvardagslege syslar. Kanskje det og er viktige verdiar skal ein utvikle gagnlege og sjølvstendige menneske som det står i læreplan?
Kvalitetsutvalet seier at heimemiljø er viktig for motivasjon og læring. Då meiner eg det er viktig å lage rammer og leggje til rette for at kvar familie får innrette seg slik som er best for deira sin situasjon. Første bod er i alle fall at ein har tid og høve til å treffast…
Stress og "tidsklemme" er kjende situasjonar for mange familiar. Nokre foreldre ser seg av ulike årsaker ikkje høve til å ha barna heime ein dag i veka. Dei har skulefritidsordninga som eit alternativ. Det kan vera eit godt tilbod for mange barn og familiar, men ikkje for alle.
Einskilde pedagogar er opptekne av at kortare dagar gir betre læringsutbytte og ein vert mindre sliten. Skule kvar dag, tidleg opp og lange dagar på SFO vil eg tru mange vert like sliten av. Slik vil "vinninga gå opp i spinninga"etter mitt syn.
Dersom vi vaksne som arbeidstakarar hadde valet om å vera ein time lenger på jobb for så å få fri ein heil dag, kva hadde me valt? Eg trur mange med meg hadde valt å ha fri ein dag i veka. Hadde vi spurt barna vil eg tru mange av dei og hadde valt ein fridag.
Eg ser at ei auke i det totale timetalet kan vera ei utfordring for skuleleiinga og pedagogar Det er mange omsyn å ta og reglar å halda seg til. Eg kjenner meg viss på at med så mange dyktige pedagogar som er i skulen i dag greier dei godt å leggje til rette for ein litt lengre skuledag.
Eg vonar og at administrasjon og leiing ikkje "ser seg blind" på tal og regelverk men ser dette i lys av barna sitt totale oppvekstmiljø. Fleksible ordningar og fleksibilitet er aktuelle tema i arbeidslivet i dag.
Det er eit paradoks at kommunar legg til rette for ordningar, i dette høve fem dagar skuleveke, som gir endå mindre handlingsrom for fleksible løysingar for samvere mellom foreldre og barn. Eg meiner det er viktig å leggje til rette for ordningar som gir foreldre reell valfridom til å finne løysingar som er til beste for familien og barna deira. Ut ifrå desse vurderingane ser eg på fire dagar skuleveke som eit gode.