Ta fram den nynorske sprayflaska!

Debatt: Daglege nynorskdusjar gir bokmålselevane betre føresetnader for å bli trygge i sidemålet sitt.

Publisert Sist oppdatert

Ekte språkleg valfridom krev at alle lærer både bokmål og nynorsk. Å kunne lære to norske skriftspråk er ein styrke, og ikkje eit problem, særleg ikkje viss læraren tek fram den nynorske sprayflaska! 

Vi i Noregs Lærarmållag rår alle lærarar til å gi bokmålselevane ein nynorsk språkdusj, liten eller stor, kvar dag, og såleis la nynorsk bli ein del av kvardagen til alle elevane i heile landet. Her er seks tips til korleis du kan ta fram den nynorske sprayflaska:

    ● Skriv nynorsk på tavla kvar måndag og tysdag

    Skriv du også dagsplan på tavla kvar dag? Skriv dagsplanen på nynorsk! Det er ekstra spennande på måndag og tysdag, så klart. 

    ● Set på ein nynorsk song for klassen

    Det finst mange flotte songar på nynorsk! Syng og lytt til «Bestevenn» av Odd Nordstoga, klassikarar som «Pål sine høner» og «Småsporven», og vel nynorskversjonen av BlimE-songen.

    ● Lag PowerPoint-presentasjonar på nynorsk, også i andre fag enn norsk

    Det er effektivt for sidemålsopplæringa å bruke nynorsk i andre fag enn norsk. Lag ein presentasjon om demokrati på nynorsk eller forklar algebra på nynorsk. Kanskje blir det lettare å spørje og jobbe med fagomgrep når det ikkje er på bokmål?

    ● La elevane skrive nynorsk når dei ikkje skal bli vurderte i det

    Skriv ofte og kort! Oppmod elevane til å prøve seg fram med nynorsk når dei svarer på oppgåvene i læreboka i KRLE, når dei skriv logg etter gymtimen og når dei skal fylle inn VØL-skjemaet.

    ● Les nyheiter på framtida.no eller framtidajunior.no.

    Veit du at det finst nynorskaviser med med barn og ungdom som målgruppe? Her finn du alderstilpassa tekstar om Trump, paveval og mikroplast, kvissar på nynorsk og nynorsk teikneserie.

    ● Les og lytt til nynorske bøker i matpausen

    Ofte saknar elevar eit munnleg forbilde når dei skal skrive nynorsk. Det kan vi gi dei! Les «Vaffelhjarte» høgt på nynorsk, så godt du kan, eller finn fram ei lydbok med nynorsk normaltalemål, som «Snillionen» av Arnfinn Kolerud.

Det finst ei stor gruppe elevar som skriv like godt på sidemål som på hovudmål, nemleg nynorskelevane. Dersom du gir bokmålselevane dine daglege nynorskdusjar, får dei ein bit av dei same føresetnadane for å bli trygge i sidemålet sitt.

 

 

Powered by Labrador CMS